Historisk arkiv

1 million kroner ekstra til Ungt Entreprenørskap i Nord-Noreg

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet

Kommunal- og regionaldepartementet gir Ungt Entreprenørskap (UE) 1 million kroner ekstra til å auke aktiviteten i Nord-Noreg i 2010.

Kommunal- og regionaldepartementet gir Ungt Entreprenørskap (UE) 1 million kroner ekstra til å auke aktiviteten i Nord-Noreg i 2010.

- Nordområdesatsinga skal gi landsdelen høve til å forme framtida til unge i Nord-Noreg. Eg ønskjer at fleire unge i landsdelen skal få lyst til å etablere eiga verksemd, seier statsråd Liv Signe Navarsete.

Midla skal nyttas til tiltak for auka entreprenørskap og nyskaping blant dei unge i Nord-Noreg gjennom prosjekt som til dømes:

  1. Vårt Lokalsamfunn og SikkSakk Europa. Målgruppa er elevar i 4.-7. trinn og målet er å nå 20 av dei 30 minste kommunane i landsdelen.
  2. Gründercamp er eit konsept for ungdomstrinnet – der eksterne selskap gir elevane ein eller fleire realistiske utfordringar som skal løysast innanfor eit gitt tidsrom, normalt ein dag.
  3. Nordområdekonferanse: Samling av lærarar, skuleeigarar og politiske leiarar som arbeider med entreprenørskap i nordområda.
  4. Leiing i eit nordområdeperspektiv: Utarbeide forslag til program/studie i leiing for studentar frå høgskolar og Ungdomsbedrifter i den vidaregåande skulen.
  5. Barents Trade Fair: Det vil bli arbeidd for å utvikle eit årleg Trade Fair arrangement (samling av Ungdomsbedrifter) frå landa i Barentsregionen. Målet er at 6 bedrifter frå landsdelen deltar på internasjonal Trade Fair i St. Petersburg.
  6. Jenter og leiing: Fokus på jenter som framtidige leiarar i nordområda.

Målet med midla er å stimulere til auka verdiskaping på land i Nord-Noreg. Arbeidet går inn som ein del av regjeringa sin strategi for nordområda.

- Å gi ungdom høve til og interesse for å skapa eigne arbeidsplassar vil bidra til at dei kan bu der dei vil i framtida. Det kan bidra til at vi når målet om å halde på hovudtrekka i busettingjsmønsteret, seier Liv Signe Navarsete.

Kommunal- og regionaldepartementet sin pressetelefon: 22 24 25 00.