Statsbudsjettet 2011
Regional utvikling i Oslo
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II
Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet
Pressemelding | Dato: 05.10.2010
Regjeringa vidarefører tilskotet til regional utvikling i Oslo i 2011.
Regjeringa vidarefører tilskotet til regional utvikling i Oslo i 2011.
I statsbudsjettet for 2011 foreslår regjeringa å løyve rundt 2,8 milliardar kroner til distrikts- og regionalpolitikken. Fylkeskommunane skal forvalte vel 80 prosent av desse midlane.
- Me jobbar for verdiskaping, arbeidsplassar, velferd og gode lokalsamfunn der folk bur. Fylkeskommunane er den sentrale pådrivaren i dette arbeidet, seier kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete.
Gjennom distrikts- og regionalpolitikken ynskjer regjeringa å leggje til rette for busetjing og verdiskaping i heile landet.
- Regjeringa vil leggje betre til rette for at folk skal kunne starte opp nye bedrifter eller vidareutvikle eksisterande bedrifter. Derfor styrkjer me dei kommunale næringsfonda med 50 millionar kroner i 2011, til 225 millionar kroner, seier Liv Signe Navarsete.
Lenkje
Tilleggsinformasjon
- 2,5 millionar kroner av løyvinga til Oslo kommune skal dekkje den statlege deltakinga i det europeiske territorielle samarbeidet (Interreg).
Kommunal- og regionaldepartementet sin pressetelefon: 22 24 25 00.