250 000 kroner til Bergen Internasjonale Filmfestival
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II
Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet
Pressemelding | Dato: 29.09.2010
Kommunal- og regionaldepartementet støttar Bergen Internasjonale Filmfestival med 250 000 kroner. Filmprogrammet skal blant anna bidra til å skape grunnlag for demokratisk deltaking og samfunnsengasjement blant ungdom.
Kommunal- og regionaldepartementet støttar Bergen Internasjonale Filmfestival med 250 000 kroner. Filmprogrammet skal blant anna bidra til å skape grunnlag for demokratisk deltaking og samfunnsengasjement blant ungdom.
I samband med gjennomføringa av Bergen Internasjonale Filmfestival skal det utarbeidast eit program med samfunnsengasjerande filmar. Filmane vil passe godt inn i eit undervisningsopplegg for ungdom.
- Å bruke film er eit spennande tiltak for å skape politisk engasjement blant ungdom. Kommunal- og regionaldepartementet vil satse ekstra sterkt fram mot kommunevalet i 2011 for å auke interessa for samfunn og politikk blant unge. Vi vil ha dei unge veljarane til stemmeurnene. Auka samfunnsengasjement og samarbeid med skuleverket kan bidra til dette, seier Liv Signe Navarsete.
Kommunane som deltek i forsøket med nedsett stemmerett til 16 år ved kommunevalet neste haust skal få tilbod om å bruke filmprogrammet saman med eit eige undervisningsopplegg. Bergen Internasjonale Filmfestival samarbeider elles med Bergen og Austevoll kommunar om prosjektet.
Mellom filmane som kan vere aktuelle å vise, er "Bogotá Change" av danske Andreas Møl Dalsgaard. Tema er forvandlinga av Bogotá, hovudstaden i Colombia, frå å vere prega av slumområder til å bli ein moderne storby takka vere to dyktige og visjonære lokalpolitikarar.
Eit anna eksempel er "World Peace and Other 4th-Grade Achievements” av Chris Farina om læraren John Hunter og det han ser som si livsoppgåve – å vise ungdom konsekvensane av dei vala dei tar i eit større perspektiv.
Kommunal- og regionaldepartementet sin pressetelefon: 22 24 25 00.