300 000 kroner til å kartleggje energibruk i bygg
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II
Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet
Pressemelding | Dato: 27.12.2010
Kommunal- og regionaldepartementet har løyva 300 000 kroner til eit forprosjekt for å få meir kunnskap om den faktiske energibruken i bygg, og om skilnaden mellom berekna og faktisk forbruk. Prosjektet er i regi av Lavenergiprogrammet.
Kommunal- og regionaldepartementet har løyva 300 000 kroner til eit forprosjekt for å få meir kunnskap om den faktiske energibruken i bygg, og om skilnaden mellom berekna og faktisk forbruk. Prosjektet er i regi av Lavenergiprogrammet.
- Det er viktig å få eit betre talmateriale over energibruken i bygg, mellom anna som grunnlag for å kunne utvikle betre statistikk. Det vil også vere nyttig å ha data som viser kva effekt innsatsen kan gi i ei vidare satsing på energieffektivisering i bygg, seier kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete.
Lavenergiprogrammet for bygg og anlegg er eit samarbeid mellom styresmakter og næringa for å arbeide med energieffektivisering og miljøvennleg energiomlegging. Eit styre beståande av representantar frå BNL, Arkitektbedriftene, Enova, Husbanken, BE, Statsbygg og NVE skal sørgje for ein heilskapleg strategi som skal medverke til å:
- få fram kunnskap og utvikle kompetanse om energieffektivisering og miljøvennleg energiomlegging i heile byggjenæringa
- implementere kunnskapen på ein systematisk måte i næringa og utdanningsinstitusjonane
- utvikle og ta i bruk ny teknologi
- utvikle betre produkt.
Lavenergiprogrammet har også fått 500 000 kroner frå Kommunal- og regionaldepartementet tidlegare i år, og mottek dermed totalt 800 000 kroner i 2010. Støtta er ei oppfølging av både miljøhandlingsplanen ”Bygg for framtida” og Klimaforliket.
Kommunal- og regionaldepartementet sin pressetelefon: 22 24 25 00.