500 000 kroner til Lavenergiprogrammet
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II
Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet
Pressemelding | Dato: 25.04.2010
Kommunal- og regionaldepartementet har løyvd 500 000 kroner til Lavenergiprogrammet. Midlane skal medverke til å auke kunnskapen om energieffektivisering og -omlegging hos aktørar i byggjenæringa.
Kommunal- og regionaldepartementet har løyvd 500 000 kroner til Lavenergiprogrammet. Midlane skal medverke til å auke kunnskapen om energieffektivisering og -omlegging hos aktørar i byggjenæringa.
- For å redusere klimagassutsleppa, må energibruken i bygg ned. I dag står byggjesektoren for om lag 40 prosent av den stasjonære energibruken i Noreg. Eg har ambisjonar om at energibruken i bygg skal halverast innan 2040, seier kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete.
Statsråden meiner Lavenergiprogrammet er eit godt verkty for å nå ut til byggjenæringa med informasjon om energikrava i byggjereglane. Departementet ønskjer at bygging og drift av energieffektive bygg får særleg merksemd, og spesielt løysingar som førebyggjer fuktproblem og medverkar til eit godt inneklima.
Lavenergiprogrammet for bygg og anlegg er eit samarbeid mellom styresmakter og næringa for å arbeide med energieffektivisering og miljøvenleg energiomlegging. Eit styre beståande av representantar frå BNL, Arkitektbedriftene, Enova, Husbanken, BE, Statsbygg og NVE skal sørgje for ein heilskapleg strategi som skal medverke til:
- å få fram kunnskap og utvikle kompetanse om energieffektivisering og miljøvenleg energiomlegging i heile byggjenæringa
- implementere kunnskapen på ein systematisk måte i næringa og utdanningsinstitusjonane
- utvikle og ta i bruk ny teknologi
- utvikle betre produkt.
Kommunal- og regionaldepartementet sin pressetelefon: 22 24 25 00.