Statsbudsjettet 2011
Regional utvikling i Hedmark
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II
Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet
Pressemelding | Dato: 05.10.2010
Tilskotet til regional utvikling i Hedmark skal aukast frå 81,3 millionar kroner i 2010 til 84,1 millionar kroner i 2011.
Oppdatering 22.10.10
Regjeringa foreslår å løyve 84,1 millionar kroner til regional utvikling i Hedmark, og ikkje 85,3 millionar som det går fram av pressemeldinga 5. oktober 2010. Grunnen er ein rekneteknisk feil. Ramma til fylkeskommunane er førebels fram til Stortinget har handsama statsbudsjettet for 2011. Den endelege ramma blir gjeven i tilskotsbrevet frå Kommunal- og regionaldepartementet sender til fylkeskommunane på nyåret.
Tilskotet til regional utvikling i Hedmark skal aukast frå 81,3 millionar kroner i 2010 til 85,3 millionar kroner i 2011.
I statsbudsjettet for 2011 foreslår regjeringa å løyve rundt 2,8 milliardar kroner til distrikts- og regionalpolitikken. Fylkeskommunane skal forvalte vel 80 prosent av desse midlane.
- Me jobbar for verdiskaping, arbeidsplassar, velferd og gode lokalsamfunn der folk bur. Fylkeskommunane er den sentrale pådrivaren i dette arbeidet, seier kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete.
Gjennom distrikts- og regionalpolitikken ynskjer regjeringa å leggje til rette for busetjing og verdiskaping i heile landet.
- Regjeringa vil leggje betre til rette for at folk skal kunne starte opp nye bedrifter eller vidareutvikle eksisterande bedrifter. Derfor styrkjer me dei kommunale næringsfonda med 50 millionar kroner i 2011, til 225 millionar kroner, seier Liv Signe Navarsete.
Av løyvinga til Hedmark er 14,5 millionar kroner sett av til kommunale eller regionale næringsfond. Midlane skal setje næringssvake kommunar eller regionar betre i stand til å støtte opp om lokal næringsutvikling.
Lenkje
Tilleggsinformasjon
- 5,9 millionar kroner av løyvinga til Hedmark fylkeskommune skal dekkje den statlege deltakinga i det europeiske territorielle samarbeidet (Interreg).
- Etter årsskiftet vil fylket òg få kompensasjon for auka arbeidsgivaravgift. I 2010 var kompensasjonsmidlane i Hedmark på 17,1 millionar kroner.
Kommunal- og regionaldepartementet sin pressetelefon: 22 24 25 00.