Historisk arkiv

Kommuneproposisjonen 2011

Kommunane i Aust-Agder får auka inntekter neste år

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet

Kommunane får mellom fire og fem milliardar kroner meir i samla inntekter neste år. - Trass i strammare økonomiske tider prioriterer regjeringa meir pengar til kommunane for å sikre gode velferdstenester, seier kommunalminister Liv Signe Navarsete.

Kommunane får mellom fire og fem milliardar kroner meir i samla inntekter neste år. - Trass i strammare økonomiske tider prioriterer regjeringa meir pengar til kommunane for å sikre gode velferdstenester, seier kommunalminister Liv Signe Navarsete.

  • Kommuneproposisjonen for 2011.

  • Mellom 2,5 og 3,0 milliardar av veksten er frie midlar.

    - Regjeringa er opptatt av å gjere det muleg for kommunane å tilby gode, trygge barnehagar, eit skuletilbod som gir ungane eit godt grunnlag for heile livet og god pleie og omsorg for dei eldre, seier kommunalministeren.

    Samstundes foreslår regjeringa ei meir rettferdig fordeling av inntektene mellom kommunane.

    – På grunnlag av nye statistiske analysar endrar vi inntektssystemet slik at kommunane får inntekter etter dei utfordringane dei faktisk har i dag. Slik sikrar vi at kommunar over heile landet kan tilby innbyggjarane sine likeverdige velferdstenester, seier Navarsete.
    - Samansetninga av befolkninga, levekår og busettingsmønster har endra seg på 15 år. Det er utvikla nye kriterium som betre fangar opp sosiale forskjellar og skilnadar i levekår rundt i landet, seier Navarsete.

    I tillegg foreslår regjeringa å redusere småkommunetilskotet og Nord-Noreg- og Namdalstilskotet, redusere hovudstadstilskotet, å innføre eit nytt storbytilskot og å redusere skattedelen av kommunane sine inntekter.

    - Når ein tek med veksten i kommunane sine frie inntekter i 2011, vil ingen kommune få redusert sine inntekter frå 2010 til 2011, seier Liv Signe Navarsete.

    Aust-Agder – Illustrasjonsberekning

    Kommune

    Ny kostnads-nøkkel

    Isolert effekt barnehage

    Endringar politiske element

    System-verknadar

    Verknad 1. år

    0901 Risør

    -140

    -39

    206

    66

    426

    0904 Grimstad

    296

    -195

    45

    341

    701

    0906 Arendal

    -212

    -29

    193

    -19

    341

    0911 Gjerstad

    -60

    -616

    -94

    -154

    304

    0912 Vegårshei

    809

    -364

    -321

    488

    848

    0914 Tvedestrand

    670

     176

    200

    871

    1 231

    0919 Froland

    1 428

    63

    212

    1 640

    2 000

    0926 Lillesand

    92

    -144

    34

    126

    486

    0928 Birkenes

    1 162

    -409

    211

    1 373

    1 733

    0929 Åmli

    909

    -353

    -326

    583

    943

    0935 Iveland

    1 513

    -1 019

    -600

    913

    1 273

    0937 Evje og Hornnes

    1 136

    -111

    204

    1 340

    1 700

    0938 Bygland

    940

    349

    -618

    322

    682

    0940 Valle

    1 239

    342

    175

    1 414

    1 774

    0941 Bykle

    2 565

    -18

    -82

    2 483

    2 843

    Aust-Agder

    256

    -101

    109

    365

    727

    Tabellforklaring

    Alle beløp er kroner per innbyggjar. Berekningane bygger på innbyggjartal per 1. januar 2009.

    Fordelingseffektane er berekna på kriteriedata og utgiftsbehov for 2008.

    Fordelingsverknadane i tabellen er foreløpige. Endelig fordeling av rammetilskotet for 2011 vil vere klart i statsbudsjettet til hausten.

    Kolonne 1 viser kommunenamn.
    Kolonne 2 viser den samla fordelingseffekten av forslaget til ny kostnadsnøkkel for kommunane, inkludert barnehagar.
    Kolonne 3 viser den isolerte effekten av at tilskot til barnehagar vert innlemma i rammetilskotet.
    Kolonne 4 viser den samla effekten av å:

    • redusere småkommunetilskotet
    • redusere Nord-Noreg- og Namdalstilskotet
    • redusere skattane sin del av kommunane sine inntekter
    • innføre eit nytt storbytilskot til Oslo, Bergen, Trondheim og Stavanger
    • avvikle hovudstadstilskotet til Oslo

    Kolonne 5 viser samla systemverknadar av alle endringane i inntektssystemet

    Kolonne 6 er en illustrasjon av verknadane av alle endringane i inntektssystemet første år, inkludert ein vekst i frie inntekter i 2011 på 2,5 milliardar kroner til kommunane. Av veksten på 2,5 milliardar kroner vert 400 millionar fordelte som ekstra skjønnstilskot til kommunar som taper på omlegginga av inntektssystemet, mens 2,1 milliardar kroner vert fordelte med eit likt beløp per innbyggjar.

    Kommunal- og regionaldepartementet sin pressetelefon: 22 24 25 00.