Bård Øistensen blir ny Husbankdirektør
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II
Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet
Pressemelding | Dato: 17.12.2010
Bård Øistensen er i statsråd i dag utnemnd som administrerande direktør i Husbanken. -Med Øistensen har vi fått ein leiar med solid kunnskap og brei leiarerfaring innafor bustadpolitikken. Eg er trygg på at han vil gjere ein god jobb som husbankdirektør, seier kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete.

Bård Øistensen er 59 år og utdanna cand. sociol. frå Universitetet i Oslo. Han har hatt fleire sentrale roller i Husbanken, som regiondirektør ved to regionkontor, strategidirektør, assisterande direktør og no konstituert administrerande direktør. Øistensen har òg bakgrunn som mangeårig leiar for bustadavdelinga i Bustad- og eigedomsetaten i Oslo kommune. Han var leiar for sekretariatet til Bustadutvalet som la fram si utgreiing i 2002.
- Eg kjenner Øistensen som ein handlekraftig leiar som er flink til å kommunisere og engasjere. Dette er viktige kvalitetar når han skal leie ein så stor og viktig etat for heile landet, seier Navarsete.
Øistensen er tilsett på åremål for 6 år. Han tiltrer straks.
Foto: Husbanken.
Kommunal- og regionaldepartementet sin pressetelefon: 22 24 25 00.