Bulystmidlar til bustadprosjekt i Veggli
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II
Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet
Pressemelding | Dato: 02.07.2010
35 prosjekt i heile landet får 32 millionar kroner til å arbeide med bulyst. - Det har vore eit krevjande arbeid å plukke ut dei beste av heile 260 søknader, seier kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete.
35 prosjekt i heile landet får 32 millionar kroner til å arbeide med
bulyst. - Det har vore eit krevjande arbeid å plukke ut dei beste av heile
260 søknader, seier kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete.
Regjeringa vil at alle i Noreg skal ha høve til å bu der dei ønskjer. Den nye Bulyst-satsinga skal utvikle endå meir attraktive lokalsamfunn over heile landet.
- Søknadsbunken vitnar om at det er eit stort engasjement i heile landet, seier kommunal- og regionalministeren. Det kom inn søknader for i overkant av 200 millionar kroner. Tema som omdømme, kulturbasert stad- og næringsutvikling samt prosjekt for å skaffe bustader går att i mange søknader. Andre tema er tenester, arbeid og medverknad.
I utveljinga av Bulyst-prosjekt har Kommunal- og regionaldepartementet særleg lagt særleg vekt på kvalitet, forankring, nytenking og samarbeid. Viktige målgrupper er ungdom, kvinner og innvandrarar. Også fylkeskommunane har spelt ei viktig rolle i handsaminga av søknader.
Kommunen satsar på nytt bustadområdet
Rollag kommune i Buskerud får 200.000 kroner i støtte frå Bulyst til eit bustadprosjekt i Veggli. Visjonen i prosjektet er å lage eit unikt bustadområde, alternativ til småbruk, med felles løysingar for blant anna stall, ridebane og beite. Bustadområdet skal marknadsførast overfor interessentar som ønskjer å kjøpe tomt. Prosjektet gir ei løysing på bustadutfordringar i kommunen på ein kreativ måte. Her arbeider lokale eldsjeler og næringsliv, frivillige lag og organisasjonar saman.
- Bustadutfordringar er ei sentral problemstilling i Distrikts- Noreg, og prosjektet kan vise veg for andre, seier kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete.
Fem år med spanande prosjekt i distrikta
- Regjeringa har arbeidd med ulike prosjekt for å skape attraktive lokalsamfunn og bulyst sidan me lanserte Distriktsløftet i 2005. Me har lært kort viktig det er at utviklingsarbeidet er godt forankra, og at fleire aktørar samarbeider. Dette legg me stor vekt på i Bulyst-satsinga, seier Navarsete.
Kommunal- og regionaldepartementet sin pressetelefon: 22 24 25 00.