Historisk arkiv

Bulystmidlar til Ekte Landsbyliv på Dokka

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet

35 prosjekt i heile landet får 32 millionar kroner til å arbeide med bulyst. - Det har vore eit krevjande arbeid å plukke ut dei beste av heile 260 søknader, seier kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete.

35 prosjekt i heile landet får 32 millionar kroner til å arbeide med bulyst. - Det har vore eit krevjande arbeid å plukke ut dei beste av heile 260 søknader, seier kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete.

Regjeringa vil at alle i Noreg skal ha høve til å bu der dei ønskjer. Den nye Bulyst-satsinga skal utvikle endå meir attraktive lokalsamfunn over heile landet.

- Søknadsbunken vitnar om at det er eit stort engasjement i heile landet, seier kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete. Det kom inn søknader for i overkant av 200 millionar kroner. Tema som omdømme, kulturbasert stad- og næringsutvikling samt prosjekt for å skaffe bustader går att i mange søknader. Andre tema er tenester, arbeid og medverknad.

I utveljinga av Bulyst-prosjekt har Kommunal- og regionaldepartementet særleg lagt særleg vekt på kvalitet, forankring, nytenking og samarbeid. Viktige målgrupper er ungdom, kvinner og innvandrarar. Også fylkeskommunane har spelt ei viktig rolle i handsaminga av søknader.

Ekte Landsbyliv får tilsegn på 1 650 000 kroner
Prosjektet skal etter planen gå over fire år, men det er lagt opp til ei evaluering etter to år før ei eventuell vidareføring av prosjektet. KRD støttar difor prosjektet i to år i fyrste omgang. Prosjekteigar er Nordre Land kommune.

Dokka har ambisiøse mål om å være ein landsby, ikkje ein by. Ein stad kor det beste frå byen og landet møtest. Det overordna målet er at Dokka innan 2015 blir ein attraktiv og velkjent landsby som vert forbunde med ”ekte landsbyliv”, der fellesskapet gror og det er godt å bu, leve og arbeide. Målet med prosjektet er å gjere innbyggjarane meir stolte over staden, og å sette landsbyen på kartet. Gjennom arbeidet med dette omdømmeprosjektet vonar Dokka å få til auka tilflytting, fleire arbeidsplassar og bedriftsetableringar. 

Fem år med spanande prosjekt i distrikta
- Regjeringa har arbeidd med ulike prosjekt for å skape attraktive lokalsamfunn og bulyst sidan me lanserte Distriktsløftet i 2005. Me har lært kort viktig det er at utviklingsarbeidet er godt forankra, og at fleire aktørar samarbeider. Dette legg me stor vekt på i Bulyst-satsinga, seier Navarsete.


Kommunal- og regionaldepartementet sin pressetelefon: 22 24 25 00.