Historisk arkiv

Bulystmidlar til forprosjektet ”Hus til folk i Østerdalen”

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet

35 prosjekt i heile landet får 32 millionar kroner til å arbeide med bulyst. - Det har vore eit krevjande arbeid å plukke ut dei beste av heile 260 søknader, seier kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete.

35 prosjekt i heile landet får 32 millionar kroner til å arbeide med bulyst. - Det har vore eit krevjande arbeid å plukke ut dei beste av heile 260 søknader, seier kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete.

Regjeringa vil at alle i Noreg skal ha høve til å bu der dei ønskjer. Den nye Bulyst-satsinga skal utvikle endå meir attraktive lokalsamfunn over heile landet.

- Søknadsbunken vitnar om at det er eit stort engasjement i heile landet, seier kommunal- og regionalministeren. Det kom inn søknader for i overkant av 200 millionar kroner. Tema som omdømme, kulturbasert stad- og næringsutvikling samt prosjekt for å skaffe bustader går att i mange søknader. Andre tema er tenester, arbeid og medverknad.

I utveljinga av Bulyst-prosjekt har Kommunal- og regionaldepartementet særleg lagt særleg vekt på kvalitet, forankring, nytenking og samarbeid. Viktige målgrupper er ungdom, kvinner og innvandrarar. Også fylkeskommunane har spelt ei viktig rolle i handsaminga av søknader.

Hus til folk i Østerdalen
Hedmark fylkeskommune, Regionrådet i Sør-Østerdal og Regionrådet i Fjellregionen får 800.000 kroner frå Bulyst-midlane. Midlane skal brukast til eit forprosjekt som skal legge til rette for at innflyttarar skal skaffe seg egna bustad i kommunar som ikkje har ein velfungerande bustadmarknad. Kommunane vil blant anna skape betre kontakt mellom bustadsøkarar, utleigarar og seljarar og ruste opp bustader. Kommunane tek saman tak i bustadutfordringa i regionen på ein ny og systematisk måte. Prosjektet skal avsluttast i 2013.

Fem år med spanande prosjekt i distrikta
- Regjeringa har arbeidd med ulike prosjekt for å skape attraktive lokalsamfunn og bulyst sidan me lanserte Distriktsløftet i 2005. Me har lært kort viktig det er at utviklingsarbeidet er godt forankra, og at fleire aktørar samarbeider. Dette legg me stor vekt på i Bulyst-satsinga, seier Navarsete.


Kommunal- og regionaldepartementet sin pressetelefon: 22 24 25 00.