Bulystmidlar til ”Hamarøy, den friskaste kommunen i landet”
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II
Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet
Pressemelding | Dato: 28.06.2010
35 prosjekt i heile landet får 32 millionar kroner til å arbeide med bulyst. - Det har vore eit krevjande arbeid å plukke ut dei beste av heile 260 søknader, seier kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete.
35 prosjekt i heile landet får 32 millionar kroner til å arbeide med
bulyst. - Det har vore eit krevjande arbeid å plukke ut dei beste av heile
260 søknader, seier kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete.
Regjeringa vil at alle i Noreg skal ha høve til å bu der dei ønskjer. Den nye Bulyst-satsinga skal utvikle endå meir attraktive lokalsamfunn over heile landet.
- Søknadsbunken vitnar om at det er eit stort engasjement i heile landet, seier kommunal- og regionalministeren. Det kom inn søknader for i overkant av 200 millionar kroner. Tema som omdømme, kulturbasert stad- og næringsutvikling samt prosjekt for å skaffe bustader går att i mange søknader. Andre tema er tenester, arbeid og medverknad.
I utveljinga av Bulyst-prosjekt har Kommunal- og regionaldepartementet særleg lagt særleg vekt på kvalitet, forankring, nytenking og samarbeid. Viktige målgrupper er ungdom, kvinner og innvandrarar. Også fylkeskommunane har spelt ei viktig rolle i handsaminga av søknader.
Hamarøy kommune får 2 000 000 til prosjektet ”Hamarøy, den friskaste kommunen i landet”. Med utgangspunkt i Hamsunsenteret som vekstimpuls skal ein legge til rette for kulturbasert næringsutvikling. Dei skal og arbeide med folkehelse og stadutvikling. Kommunen er inne i ei god utvikling, mellom anna med utgangspunkt i etableringa av Hamsunsenteret. Dette vil kommunen byggje vidare på i dette prosjektet. Kommunen står overfor eit generasjonsskifte, dei treng mange nye tilflyttarer i åra som kjem. I tilflyttingsstrategiane vil dei bruke stadutvikling, mellom anna tilrettelegging for bustadbygging, kultur og eit aktivt, førebyggjande folkehelsearbeid som agn.
Fem år med spanande prosjekt i distrikta
- Regjeringa har arbeidd med ulike prosjekt for å skape attraktive lokalsamfunn og bulyst sidan me lanserte Distriktsløftet i 2005. Me har lært kort viktig det er at utviklingsarbeidet er godt forankra, og at fleire aktørar samarbeider. Dette legg me stor vekt på i Bulyst-satsinga, seier Navarsete.
Kommunal- og regionaldepartementet sin pressetelefon: 22 24 25 00.