Bulystmidlar til prosjektet ”Betydningsfull bustad” på Utsira og Haugesund
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II
Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet
Pressemelding | Dato: 22.06.2010
35 prosjekt i heile landet får 32 millionar kroner til å arbeide med bulyst. - Det har vore eit krevjande arbeid å plukke ut dei beste av heile 260 søknader, seier kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete.
35 prosjekt i heile landet får 32 millionar kroner til å arbeide med bulyst. - Det har vore eit krevjande arbeid å plukke ut dei beste av heile 260 søknader, seier kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete.
Regjeringa vil at alle i Noreg skal ha høve til å bu der dei ønskjer. Den nye Bulyst-satsinga skal utvikle endå meir attraktive lokalsamfunn over heile landet.
- Søknadsbunken vitnar om at det er eit stort engasjement i heile landet, seier kommunal- og regionalministeren. Det kom inn søknader for i overkant av 200 millionar kroner. Tema som omdømme, kulturbasert stad- og næringsutvikling samt prosjekt for å skaffe bustader går att i mange søknader. Andre tema er tenester, arbeid og medverknad.
I utveljinga av Bulyst-prosjekt har Kommunal- og regionaldepartementet særleg lagt særleg vekt på kvalitet, forankring, nytenking og samarbeid. Viktige målgrupper er ungdom, kvinner og innvandrarar. Også fylkeskommunane har spelt ei viktig rolle i handsaminga av søknader.
Utsira og Haugesund får ei tilsegn på 500 000 kroner til prosjektet ” Betydingsfull bustad for framtida sine øysamfunn”.
Gjennom arbeidet med småsamfunnsprosjektet i Utsira og på Røvær kom det fram at manglande bustadutvikling var ei hovudutfordring for desse to øysamfunna.
I prosjektet betydingsfull bustad for framtida sine øysamfunn, er det to delprosjekt som KRD støttar i si bulyst-satsing.
- gjennomføring av brukarundersøkingar med kartlegging av bustadbehov for ungdom, eldre og småbarnsfamiliar
- utvikling av ei stadanalyse med fokus på bustadutvikling.
Målet er at ein gjennom stadanalyse og brukarundersøking får ei god oversikt over kva utfordringar ein lyt arbeide med for å få tiltrekke seg fleire folk til dei to aktuelle øysamfunna.
Fem år med spanande prosjekt i distrikta
- Regjeringa har arbeidd med ulike prosjekt for å skape attraktive lokalsamfunn og bulyst sidan me lanserte Distriktsløftet i 2005. Me har lært kort viktig det er at utviklingsarbeidet er godt forankra, og at fleire aktørar samarbeider. Dette legg me stor vekt på i Bulyst-satsinga, seier Navarsete.
Kommunal- og regionaldepartementet sin pressetelefon: 22 24 25 00.