Bulystmidlar til prosjektet "Grenseland – ein betre stad å bu"
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II
Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet
Pressemelding | Dato: 24.06.2010
35 prosjekt i heile landet får midlar til å arbeide med bulyst. - Me har plukka ut dei beste av i alt 260 søknader. Eit av desse ligg i Østfold, seier kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete.
35 prosjekt i heile landet får midlar til å arbeide med bulyst. - Me har plukka ut dei beste av i alt 260 søknader. Eit av desse ligg i Østfold, seier kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete.
Kommunal- og regionaldepartementet (KRD) gir nesten 32 millionar kroner til prosjekt som skal utvikle endå meir attraktive lokalsamfunn over heile landet. Dette er ei ny satsing kalla Bulyst. Til saman søkte 260 ulike prosjekt om vel 200 millionar kroner.
Det er stor variasjon når det gjeld tema og innretning i dei prosjekta som får støtte.
Østfold får 750 000 kroner til sitt regionale prosjekt Grenseland – ein betre stad å bu, i grensekommunane Marker, Rømskog og Aremark. Prosjektet er ei styrking av det arbeidet som allereie er gjort i Østfold, knytt til tilflytting og omdømmebygging. Arbeidet er godt forankra både hjå lokalt næringsliv og hjå lag, foreiningar og friviljugsentralen. Dette regionale prosjektet er spennande, for det nyttar erfaringar frå mange ulike prosjekt som kommunane har vore involverte i dei siste åra, både frå nasjonale satsingar og internasjonalt samarbeid. Ei av oppgåvene som kommunane no skal gå i gang med er auke kvaliteten på tettstadane og byane i Indre Østfold, gjennom Interreg-prosjektet trans in Form.
Marker, Rømskog og Aremark ønskjer å bli meir attraktive ved å fokusere på sosiale og kulturelle møtestadar for tilflyttarar som alt har kome, og til dømes ungdom som kan tenkast å kome attende etter avslutta utdanning.
Fem år med spanande prosjekt i distrikta
I utveljinga av Bulyst-prosjekt har KRD, fylkeskommunane og Distriktssenteret særleg lagt særleg vekt på kvalitet, forankring, nytenking, og samarbeid. Viktige målgrupper er ungdom, kvinner og innvandrarar.
- Regjeringa har arbeidd med ulike prosjekt for å skape attraktive lokalsamfunn og bulyst sidan me lanserte Distriktsløftet i 2005. Me har lært kort viktig det er at utviklingsarbeidet er godt forankra, og at fleire aktørar samarbeider. Dette har me lagt stor vekt på i Bulyst, seier kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete.
Kommunal- og regionaldepartementet sin pressetelefon: 22 24 25 00.