Bulystmidlar til prosjektet ”Kortnebbgåsas ve og vel”
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II
Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet
Pressemelding | Dato: 02.07.2010
35 prosjekt i heile landet får 32 millionar kroner til å arbeide med bulyst. - Det har vore eit krevjande arbeid å plukke ut dei beste av heile 260 søknader, seier kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete.
35 prosjekt i heile landet får 32 millionar kroner til å arbeide med bulyst. - Det har vore eit krevjande arbeid å plukke ut dei beste av heile 260 søknader, seier kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete.
Regjeringa vil at alle i Noreg skal ha høve til å bu der dei ønskjer. Den nye Bulyst-satsinga skal utvikle endå meir attraktive lokalsamfunn over heile landet.
- Søknadsbunken vitnar om at det er eit stort engasjement i heile landet, seier kommunal- og regionalministeren. Det kom inn søknader for i overkant av 200 millionar kroner. Tema som omdømme, kulturbasert stad- og næringsutvikling samt prosjekt for å skaffe bustader går att i mange søknader. Andre tema er tenester, arbeid og medverknad.
I utveljinga av Bulyst-prosjekt har Kommunal- og regionaldepartementet særleg lagt særleg vekt på kvalitet, forankring, nytenking og samarbeid. Viktige målgrupper er ungdom, kvinner og innvandrarar. Også fylkeskommunane har spelt ei viktig rolle i handsaminga av søknader.
Kortnebbgåsas ve og vel får ei tilsegn på 200 000 kroner
Kortnebbgåsa er ein trekkfugl, og eit kjent fenomen på Beitstad. Tidleg på våren invaderar tusenvis av fuglar bygda på tur nordover, og er i løpet av nokre intense veker til pest og plage for innbyggjarane. Foreininga Kortnebbgåsas ve og vel er i utgangspunktet to unge gutar som ynskjer å bli gode og positive bygdeambassadørar som bidrar til å skape ein positiv haldning og optimistisk giv i heimbygda. Dei ynskjer å skape ei merkevare som kan bidra til å trekkje nye innbyggjarar til Beitstad. Slagord er ”E du nebbåt? Trækk te Beitstad du å!”
Fem år med spanande prosjekt i distrikta
- Regjeringa har arbeidd med ulike prosjekt for å skape attraktive lokalsamfunn og bulyst sidan me lanserte Distriktsløftet i 2005. Me har lært kort viktig det er at utviklingsarbeidet er godt forankra, og at fleire aktørar samarbeider. Dette legg me stor vekt på i Bulyst-satsinga, seier Navarsete.
Kommunal- og regionaldepartementet sin pressetelefon: 22 24 25 00.