Historisk arkiv

Bulystmidlar til prosjektet ”LivOGLyst i Austevoll”

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet

35 prosjekt i heile landet får 32 millionar kroner til å arbeide med bulyst. - Det har vore eit krevjande arbeid å plukke ut dei beste av heile 260 søknader, seier kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete.

35 prosjekt i heile landet får 32 millionar kroner til å arbeide med bulyst. - Det har vore eit krevjande arbeid å plukke ut dei beste av heile 260 søknader, seier kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete.

Regjeringa vil at alle i Noreg skal ha høve til å bu der dei ønskjer. Den nye Bulyst-satsinga skal utvikle endå meir attraktive lokalsamfunn over heile landet.

- Søknadsbunken vitnar om at det er eit stort engasjement i heile landet, seier kommunal- og regionalministeren. Det kom inn søknader for i overkant av 200 millionar kroner. Tema som omdømme, kulturbasert stad- og næringsutvikling samt prosjekt for å skaffe bustader går att i mange søknader. Andre tema er tenester, arbeid og medverknad.

I utveljinga av Bulyst-prosjekt har Kommunal- og regionaldepartementet særleg lagt særleg vekt på kvalitet, forankring, nytenking og samarbeid. Viktige målgrupper er ungdom, kvinner og innvandrarar. Også fylkeskommunane har spelt ei viktig rolle i handsaminga av søknader.

LivOGLyst i Austevoll
Øykommunen Austevoll får 600.000 kroner til prosjekt på Storebø og Møkster. Målet for arbeidet på Storebø er å bruke kulturbasert stad- og næringsutvikling til å inkludere tilflyttarar. Innvandrarar, kvinner, unge og barn er viktige målgrupper. På Møkster skal prosjektet gjere øya meir attraktiv og tilgjengeleg, gjennom blant anna kulturaktivitetar og tiltak for ungdom.

Hordaland fylkeskommune poengterer at Austevoll gjennom LivOGLyst-programmet har tatt steget frå lokale planar til konkrete handlingar. Dette har gjeve handfaste resultat som nye arbeids- og møteplassar.

Fem år med spanande prosjekt i distrikta
- Regjeringa har arbeidd med ulike prosjekt for å skape attraktive lokalsamfunn og bulyst sidan me lanserte Distriktsløftet i 2005. Me har lært kort viktig det er at utviklingsarbeidet er godt forankra, og at fleire aktørar samarbeider. Dette legg me stor vekt på i Bulyst-satsinga, seier Navarsete.


Kommunal- og regionaldepartementet sin pressetelefon: 22 24 25 00.