Historisk arkiv

Bulystmidlar til prosjektet ”Staduavhengige arbeidsplassar”

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet

35 prosjekt i heile landet får 32 millionar kroner til å arbeide med bulyst. - Det har vore eit krevjande arbeid å plukke ut dei beste av heile 260 søknader, seier kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete.

35 prosjekt i heile landet får 32 millionar kroner til å arbeide med bulyst. - Det har vore eit krevjande arbeid å plukke ut dei beste av heile 260 søknader, seier kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete.

Regjeringa vil at alle i Noreg skal ha høve til å bu der dei ønskjer. Den nye Bulyst-satsinga skal utvikle endå meir attraktive lokalsamfunn over heile landet.

- Søknadsbunken vitnar om at det er eit stort engasjement i heile landet, seier kommunal- og regionalministeren. Det kom inn søknader for i overkant av 200 millionar kroner. Tema som omdømme, kulturbasert stad- og næringsutvikling samt prosjekt for å skaffe bustader går att i mange søknader. Andre tema er tenester, arbeid og medverknad.

I utveljinga av Bulyst-prosjekt har Kommunal- og regionaldepartementet særleg lagt særleg vekt på kvalitet, forankring, nytenking og samarbeid. Viktige målgrupper er ungdom, kvinner og innvandrarar. Også fylkeskommunane har spelt ei viktig rolle i handsaminga av søknader.

Prosjektet Staduavhengige arbeidsplassar i Dyrøy får i tillegg 1,2 millionar kroner i støtte frå Bulyst. Prosjektet tek mål av seg til å legge til rette for at folk som har jobb andre stader kan bu i Dyrøy. Teknologi knytt til breiband og eit sosialt miljø er sentralt. Prosjektet skal vare fram til 2014.

Fem år med spanande prosjekt i distrikta
- Regjeringa har arbeidd med ulike prosjekt for å skape attraktive lokalsamfunn og bulyst sidan me lanserte Distriktsløftet i 2005. Me har lært kort viktig det er at utviklingsarbeidet er godt forankra, og at fleire aktørar samarbeider. Dette legg me stor vekt på i Bulyst-satsinga, seier Navarsete.


Kommunal- og regionaldepartementet sin pressetelefon: 22 24 25 00.