Bulystmidlar til prosjektet ”Vårt akademi for kultur og næring” i Eid kommune”
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II
Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet
Pressemelding | Dato: 25.06.2010
35 prosjekt i heile landet får 32 millionar kroner til å arbeide med bulyst. - Det har vore eit krevjande arbeid å plukke ut dei beste av heile 260 søknader, seier kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete.
35 prosjekt i heile landet får 32 millionar kroner til å arbeide med
bulyst. - Det har vore eit krevjande arbeid å plukke ut dei beste av heile
260 søknader, seier kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete.
Regjeringa vil at alle i Noreg skal ha høve til å bu der dei ønskjer. Den nye Bulyst-satsinga skal utvikle endå meir attraktive lokalsamfunn over heile landet.
- Søknadsbunken vitnar om at det er eit stort engasjement i heile landet, seier kommunal- og regionalministeren. Det kom inn søknader for i overkant av 200 millionar kroner. Tema som omdømme, kulturbasert stad- og næringsutvikling samt prosjekt for å skaffe bustader går att i mange søknader. Andre tema er tenester, arbeid og medverknad.
I utveljinga av Bulyst-prosjekt har Kommunal- og regionaldepartementet særleg lagt særleg vekt på kvalitet, forankring, nytenking og samarbeid. Viktige målgrupper er ungdom, kvinner og innvandrarar. Også fylkeskommunane har spelt ei viktig rolle i handsaminga av søknader.
VAKN – Vårt akademi for kultur og næring
Søknaden frå VAKN - Vårt akademi for kultur og næring i Eid kommune passerte nålauga. Prosjektet får fire millionar kroner over ein treårsperiode.
Målet er å vidareutvikle VAKN-modellen, ein modell for kulturbasert næringsutvikling i distriktskommunar. Prosjektet skal skape bedrifter med utgangspunkt i kultur, og bruke kultur for å skape bulyst. Arbeidet spring ut frå ei fleirårig satsing på kultur, og samarbeid mellom organisasjonar, næringsliv og offentlege aktørar.
Sogn og Fjordane fylkeskommune peikar på at Eid har eit solid grunnlag for å arbeide vidare med kulturbasert næringsutvikling. Fylkeskommunen poengterer at prosjektet er nyskapande og har klar overføringsverdi.
Fem år med spanande prosjekt i distrikta
- Regjeringa har arbeidd med ulike prosjekt for å skape attraktive lokalsamfunn og bulyst sidan me lanserte Distriktsløftet i 2005. Me har lært kort viktig det er at utviklingsarbeidet er godt forankra, og at fleire aktørar samarbeider. Dette legg me stor vekt på i Bulyst-satsinga, seier Navarsete.
Kommunal- og regionaldepartementet sin pressetelefon: 22 24 25 00.