Dagens studentar er verdiskaparane i framtida
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II
Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet
Pressemelding | Dato: 03.03.2010
Regjeringa utfordrar utdanningsinstitusjonar innanfor høgare utdanning til å setje entreprenørskap og innovasjon på dagsorden. Med 13 millionar kroner vil regjeringa stimulere studentane til etablering av nye kompetanse-verksemder i alle deler av landet.
Regjeringa utfordrar utdanningsinstitusjonar innanfor høgare utdanning til å setje entreprenørskap og innovasjon på dagsorden. Med 13 millionar kroner vil regjeringa stimulere studentane til etablering av nye kompetanse-verksemder i alle deler av landet.
- Studentar er viktige for vekst og verdiskaping i framtida. Høgskular og universitet blir derfor viktige samarbeidsaktørar i arbeidet med å utvikle eit nyskapande arbeids- og næringsliv, seier kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete.
Mål med satsinga:
- Motivere studentar til å utvikle vekstbedrifter og kompetansearbeidsplassar i sine regionar.
- Større kunnskap, erfaring og nettverk om innovasjon og entreprenørskap blant studentar på tvers av fagmiljø.
- Auka samarbeid mellom utdanningsinstitusjonar og næringslivet om entreprenørskap- og innovasjonsprosjekt retta mot studentar.
- Vi må stimulere unge menneskje til å bruke sin kompetanse til å skape attraktive arbeidsplassar og utnytte potensialet i sitt lokalmiljø. Dette er særleg viktig i distrikta for at unge menneskje kan kunne bu der dei ønskjer og skape verdiar ut frå lokale fortrinn, seier statsråd Navarsete.
Innovasjon Noreg skal lyse ut 13 millionar kroner. Det er utdanningsinstitusjonar i distrikta og i små og mellomstore byar som kan søke. Tre millionar kroner er øyremerka ein ekstrainnsats i Nord-Noreg.
Kommunal- og regionaldepartementet sin pressetelefon: 22 24 25 00.