Historisk arkiv

Ekstra skjønnsmidlar til Vik og Bremanger

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet

Vik og Bremanger får til saman 15 millionar kroner i ekstraordinære skjønnsmidlar i 2010.

Vik og Bremanger får til saman 15 millionar kroner i ekstraordinære skjønnsmidlar i 2010.

Vik og Bremanger gjekk på store tap i den såkalla Terra-saka.

- Vik og Bremanger står føre nokre heilt spesielle utfordringar, men kommunane har vist at dei tek ansvar. Pengane er gjevne med bakgrunn i dei økonomiske utfordringane og korleis dei har handtert ein særs krevjande situasjon, seier kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete.

Vik vil få seks og Bremanger ni millionar kroner i ekstraordinært skjønn i 2010. Midlane skal gå til å dekke inn underskot. Kvar kommune kan likevel bruke inntil ein million kroner av pengane til næringsutvikling.

- Vik og Bremanger er bekymra for manglande ressursar til næringsutvikling etter store kutt i budsjetta. Utan eit lokalt engasjement for næringsutvikling, kan kommunane kome i ein enda verre økonomisk situasjon enn dei allereie er. Derfor opnar eg for at dei kan bruke inntil ein million kroner kvar til dette, seier Navarsete.

Vik og Bremanger har tidlegare motteke 15 og 20 millionar i ekstraordinære skjønnsmidlar frå staten i etterkant av den såkalla Terra-saka. Blant dei andre involverte kommunane har Hattfjelldal motteke åtte millionar kroner og Narvik 15 millionar kroner. I tillegg har alle dei fire kommunane fått dispensasjon til å dekke inn underskotet over ein lengre periode.


Kommunal- og regionaldepartementet sin pressetelefon: 22 24 25 00.