Få veit om innbyggjarinitiativ
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II
Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet
Pressemelding | Dato: 02.11.2010
Få innbyggjarar veit at dersom dei greier å samle inn nok underskrifter om ei sak, har dei rett til å få saka behandla i kommunestyret. – Me må leggje endå betre til rette for lokalt engasjement. Eg vil difor vurdere endringar i ordninga som styrkjer retten til å få innbyggjarinitiativ fram for politisk handsaming, seier kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete.
Få innbyggjarar veit at dersom dei greier å samle inn nok underskrifter om ei sak, har dei rett til å få saka behandla i kommunestyret. – Me må leggje endå betre til rette for lokalt engasjement. Eg vil difor vurdere endringar i ordninga som styrkjer retten til å få innbyggjarinitiativ fram for politisk handsaming, seier kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete.
Kommunal- og regionaldepartementet har fått evaluert regelen i kommunelova om innbyggjarinitiativ. Regelen gjev innbyggjarar som greier å samle inn nok underskrifter rett til å få behandla saker i kommunestyret. Innbyggjarane har nytta initiativretten i ein av fire kommunar, og eit av fem initiativ har ført fram.
- Ordninga gjev innbyggjarane høve til å få spørsmål dei er engasjerte i til politisk behandling. Det gjev unike mulegheiter til å setje dagsorden i eigen kommune. Då er det eit problem at ordninga ikkje er betre kjent blant folk. Både departementet, fylkeskommunane og kommunane må betre informasjonen, seier Navarsete.
Undersøkinga syner fleire interessante forhold:
- Det har vorte fremja innbyggjarinitiativ i om lag 25 prosent av alle kommunane. Til saman har det vorte fremja mellom 200 og 250 initiativ frå regelen vart teken i bruk i 2004 fram til i dag.
- 20 prosent av initiativa har fått tilslutnad i kommunestyret.
- Ordninga med innbyggjarinitiativ er lite kjent. Blant innbyggjarane er det berre om lag 2 prosent som veit at dei etter lova har høve til å kome med initiativ som dei med nok underskrifter har krav på å få behandla i kommunestyret.
- Det forskarane oppfattar som ei streng tolking av omkampregelen, gjer at mange initiativ ikkje kjem opp i kommunestyret.
I rapporten vert det gitt tilrådingar om kva som bør gjerast som oppfølging av undersøkinga.
- No skal me vurdere dei innspela me har fått. Det er eit problem at så mange saker vert avviste og at det er administrasjonen som i mange tilfelle avviser. Her bør mange kommunar vurdere praksisen sin og i større grad la politikarane ta stilling til om saker skal opp til behandling. Rapporten vurderer behov for justeringar i ordninga. Dette er noko vi no vil sjå nærare på, seier kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete.
Ordninga er evaluert av Norsk institutt for by- og regionforskning saman med Uni Rokkansenteret, på oppdrag frå Kommunal- og regionaldepartementet.
- Evaluering av innbyggerinitiativordningen (rapport 02.11.2010).
Kommunal- og regionaldepartementet sin pressetelefon: 22 24 25 00.