Fem millionar til informasjonstiltak før valet 2011
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II
Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet
Pressemelding | Dato: 22.12.2010
24 ulike organisasjonar får nær fem millionar kroner til saman for å auke kunnskapen blant veljarane før kommune- og fylkestingsvalet hausten 2011. Debattar, valaviser, nettsider på ulike språk og avis i blindeskrift er blant tiltaka.
24 ulike organisasjonar får nær fem millionar kroner til saman for å auke kunnskapen blant veljarane før kommune- og fylkestingsvalet hausten 2011. Debattar, valaviser, nettsider på ulike språk og avis i blindeskrift er blant tiltaka.
Målet med tilskotsordninga er å auke kunnskapen om val og å auke valdeltakinga. Departementet har prioritert tiltak retta mot ungdom, innvandrarar og veljarar med behov for særleg tilrettelagt informasjon.
- Innvandrarar og ungdom har lågare valdeltaking samanlikna med andre grupper i samfunnet. Eg håper at tiltaka kan bidra til at blant andre fleire ungdom og nordmenn med innvandrarbakgrunn vel å bruke røysteretten sin, seier kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete.
Statsråden understrekar også at dette er særskilt viktig ved kommunestyre- og fylkestingsval der langt fleire innvandrarar har røysterett samanlikna med stortingsval.
Interessa for tilskotsordninga har vore stor, og departementet fekk heile 82 søknadar.
- Eg set stor pris på den store interessa som finst landet rundt for å auke kunnskapen om val og valdeltakinga. Det er mange kreative tiltak og eg har stor tru på at slikt arbeid kan skapa meir engasjement før valet, seier Navarsete.
Det er eit stort spenn i kva slags organisasjonar som får tilskot til valtiltak – og kva dei ulike tiltaka går ut på. Organisasjonane skal mellom anna arrangere seminar om demokrati, valduellar og valmøte, dei skal lage radiospottar på ei rekke ulike språk, lage eigne valaviser og spreie informasjon gjennom nettverksarbeid.
Desse tiltaka kjem i tillegg til det generelle informasjonsarbeidet Kommunal- og regionaldepartementet og kommunane gjer for å informere veljarane om regelverk, fristar og praktisk informasjon rundt valet.
- Følgjande organisasjonar får støtte:
- Agenda X v/ Antirasistisk Senter
- CalliidLagadus
- Det Vietnamesiske - Norske forbund (VINOF)
- Islamabad Rawalpindin Welfare Society (Regd) Norway
- KIM Kontaktutvalget mellom innvandrerbefolkningen og myndighetene
- Landslaget for lokalaviser
- Landsrådet for Norges barne- og ungdomsorganisasjoner (LNU)
- MIRA Ressurssenter
- Morsmal Interesseorganisasjon
- Mot til å meina
- Norges Blindeforbunds Ungdom
- Norges Bygdeungdomslag (NBU)
- Norsk Folkehjelp
- Norsk forbund for utviklingshemmede
- Radio Latin-Amerika
- Ressurs- og integrasjonssenter for afghanske flykninger i Norge (RISAF)
- Somalia Sports & Culture
- Somaliland Women Solidarity Association
- Stiftelsen Kirkens Bymisjon i Trondheim v/Batteriet Midt-Norge
- Stiftelsen Klar Tale
- Sør-Trøndelag felles innvandrerråd
- Ungdommens fylkesråd Østfold
- Utrop - Norges første flerkulturelle avis
- Vest-Telemark Næringsutvikling AS
Under følgjer ei kort omtala av dei ulike tiltaka der KRD har gitt støtte til heile eller delar av prosjektet:
Det Vietnamesiske - Norske forbund (VINOF) har fått 9000 kroner til å arrangere eit seminar for å auke kunnskapen om val og å auke valdeltakinga. Deltakarane skal få informasjon om val, politiske parti, kvifor ein bør bruke røysteretten sin, og kor og korleis ein røyster.
MIRA Ressurssenter har fått 280 000 kroner til å arrangere stands/valdueller og dialogmøte i Oslo-området. Dei skal også produsere informasjonsmateriell som skal omsettast til fleire språk. Materiellet skal distribuerast rundt i heile landet. Det skal også haldast ein avsluttande workshop.
Utrop har fått 92 000 kroner til si avis som rettar seg mot alle etniske grupper med nyheiter, aktualitetar og debatt. Utrop skal gi ut ei spesialutgåve av avisa med fokus på val. Utgjevinga skjer i dei største byane, annan kvar uke fram til valdagen.
Norsk Folkehjelp har fått 507 000 kroner til "KvinnerKan-programmet". Dei skal arrangere ulike valforberedande aktivitetar. Dei skal halde seminar rundt om i landet med opplæring og informasjon, drive nettverksarbeid og informere om brukarmedverking .
Morsmal Interesseorganisasjon har fått 35 000 kroner til å lage ei nettside med valinformasjon og valnyheiter for minoritetsspråklege. Sida vil ha informasjon på norsk og engelsk, i tillegg til inntil 75 andre språk. Nettsida skal også fungere som eit debattforum i forkant av valet i 2011.
Somalia Sports & Culture har fått 50 000 kroner til å lage valsendingar og spottar med informasjon om valet for radio.
Somaliland Women Solidarity Association har fått 70 000 kroner til å arrangere informasjons- og dialogmøte for å auke valdeltakinga og kunnskapen om val.
KIM Kontaktutvalget mellom innvandrerbefolkningen og myndighetene har fått 350 000 kroner til å arrangere fleire regionale valsamlinger.
Islamabad Rawalpindin Welfare Society (Regd) Norway har fått 25 000 kroner til å leggje til rette informasjon om valet og halde debattmøte der representantar frå alle parti som stiller liste skal inviterast.
Radio Latin-Amerika har fått 95 000 kroner til å produsere og sende radiospottar på ulike språk om valet. Dei vil også ha direktesendingar frå valmøte der ulike politiske parti og innvandrarorganisasjonar deltar.
Agenda X v/ Antirasistisk Senter har fått 200 000 kroner til å gjennomføre kampanjen "Stem og bestem 2011”. Den rettar særskilt merksamt mot bruk av røysteretten og skal gi økt kunnskap om val og det politiske system. Det skal utarbeidas informasjonsmateriell som vil verte distribuert rundt om i landet.
Sør-Trøndelag felles innvandrerråd har fått 22 500 kroner til å arrangere månadlege fellesmøte med politikare frå alle parti. Målgruppa vil vere forskjellige etniske grupper, med særleg fokus på ungdom og fyrstegongsveljarar.
Ressurs- og integrasjonssenter for Afghanske flykninger i Norge (RISAF) har fått 12 000 kroner til å halde informasjonsmøte og gi ut informasjonsbrosjyrar som skal bidra til økt kunnskap om val blant afghanere.
Landslaget for lokalaviser har fått 750 000 kroner til prosjektet "Ung & engasjert, val 2011". Prosjektet inkluderar å lage valavis og valkalender, halde ein valkonferanse, opprette eit ungdomspanel, lage meiningsmålingar og gi ut eit idéhefte om korleis ein kan auke valdeltaking.
Norges Bygdeungdomslag (NBU) har fått 90 000 til prosjektet ”Stem & Bestem”. Målet er å skape kunnskap om val og demokrati. Minst to utgåver av medlemsbladet vil være spesielt valretta og internettsida deira vil fokusere på politiske tema som distriktspolitikk, kollektivtransport, utdanning og landbruk. Dei skal også lage ein kampanje med valvettreglar, og arrangere valkafé.
Ungdommens fylkesråd i Østfold har fått 200 000 kroner til eit seminar om val og som rettar seg mot auka engasjement og valkunnskap hos ungdom.
Landsrådet for Norges barne- og ungdomsorganisasjoner (LNU) har fått 300 000 kroner for å lage ein kampanjenettside med informasjon om valet.
CalliidLagadus har fått 300 000 kroner til å omsetja og tilpasse valhefta som gis ut av Avis i Skolen til samisk.
Norsk forbund for utviklingshemmede har fått 325 000 kroner til å gi ut kursheftet "Kommunevalg" og til å halde kurs for veljare med psykisk utviklingshemming. Målet er å gi denne gruppa moglegheit til å kunne foreta sjølvstendige val og å kunne delta utan diskriminering og på lik linje med alle andre. Dei skal også arbeide for å auke merksemda i kommunar og politiske parti om veljare med psykisk utviklingshemming. Kursmateriell skal sendast ut til 19 fylkeslag og 207 lokallag.
Stiftelsen Klar Tale har fått 808 500 kroner til å gi ut ei særskilt utgåve av avisa "Klar Tale" om kommunestyre- og fylkestingsvalet 2011. Avisa har eit opplag på 100 000, dette inkluderar papiravisar, avis lest inn på CD og avis trykt i blindeskrift. Avisa blir også tilgjengeleg som PDF-ffiler, opplest som podkast på nettsiden www.klartale.no og på www.skolenettet.no. Avisa vil gjeres tilgjengeleg med bevisst bruk av bilde, teikningar og grafikk.
Stiftelsen Kirkens Bymisjon i Trondheim v/Batteriet Midt-Norge har fått 100 000 kroner til å arrangere møtepunkt, kurskveldar og til å halde valvake for brukarane av sentra til Kirkens Bymisjon. Målet er å gi denne gruppa betre kunnskap om val og betydinga av å benytta røysteretten sin.
Norges Blindeforbunds Ungdom har fått 80 000 kroner til å lage ei universelt utforma nettside med informasjon om kvifor det er viktig å bruke røysteretten. Dei vil også gjere partias program tilgjengelege der og informere om partias kampsakar.
Mot til å meina har fått 140 000 kroner til ein informasjonskampanje retta mot unge som skal gjeres tilgjengelig for alle kommunar og fylkeskommunar i landet. For å treffe ungdom, skal det vil ungdom være involvert i utvikling av kampanjen.
Vest-Telemark Næringsutvikling har fått 150 000 kroner for å halde eit tverrpolitisk valarrangement for heile Telemark med politiske debattar og tema. Målet er å auke engasjementet for fylkestingsvalet i Telemark og å få fleire til å bruke røsteretten sin.
Kommunal- og regionaldepartementet sin pressetelefon: 22 24 25 00.