Hjelp til straumrekninga
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II
Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet
Pressemelding | Dato: 17.12.2010
- Som hjelp til å betale straumrekninga etter den kalde førvinteren, vil regjeringa gi ei ekstra utbetaling til alle som får bustøtte. Det skal ikkje vere slik at folk med dårlig økonomi skal uroe seg for om dei kan ha det varmt og godt i stova no i julehelga, seier kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete (Sp).

Regjeringa vil foreslå ei ekstra utbetaling til alle som får bustøtte som hjelp til å betale energirekninga. Ekstrautbetalinga blir 2 500 kroner for det første medlem i husstanden og 100 kroner for kvart ekstra medlem. Ein familie på fem vil då få utbetalt 2 900 kroner. Om lag 125 000 husstandar vil då få utbetalt til saman 318,5 mill. kroner i bustøtte. Stortinget får sak til handsaming rett over nyttår og ekstrautbetalinga kan kome i byrjinga av mars.
- November månad blei den kaldaste på mange tiår og sprengkulda har halde seg inn i desember i store delar av landet. Samstundes har straumprisane auka. Mange vil no få høge utgifter til oppvarming av bustaden. Det vil vere ei spesiell utfordring for dei som har dårleg økonomi. Bustøtta går til dei som har låge inntekter og høge buutgifter, seier Navarsete.
Kommunal- og regionaldepartementet sin pressetelefon: 22 24 25 00.