Kven blir årets nynorskkommune 2010?
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II
Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet
Pressemelding | Dato: 30.09.2010
- Eg veit at mange kommunar arbeider for å styrkje nynorsken og brukar nynorsk aktivt i tenestene sine. Meld din kommune på i konkurransen om å bli årets nynorskkommune 2010, oppmodar kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete.
- Eg veit at mange kommunar arbeider for å styrkje nynorsken og brukar nynorsk aktivt i tenestene sine. Meld din kommune på i konkurransen om å bli årets nynorskkommune 2010, oppmodar kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete.
Statsråden vil i haust dele ut prisen på 100 000 kroner til årets nynorskkommune. Ho ynskjer seg ein vinnar som kan vere eit førebilete for andre nynorskkommunar.
- Prisen skal gå til ein kommune som har nynorsk som formell målform og som gjennom aktiv bruk av nynorsk har gjort ein særskild innsats for å fremje nynorsk som skriftmål. Eg vonar mange nynorskkommunar melder seg og er med i konkurransen, seier Navarsete.
Kriteria er utarbeidd i samarbeid med Landssamanslutninga av nynorskkommunar. Stord kommune vann prisen då den blei delt ut for aller fyrste gong i fjor.
Dei som kan søkje om å få prisen er nynorskkommunar som har gjort ein innsats på eitt eller fleire av områda som er nemnde under:
- aktiv bruk og synleggjering av nynorsk i kommunale planar
- aktiv bruk av nynorsk i omdøme- og informasjonsarbeid. Dette kan vere heimesider, skriftleg informasjonsmateriell til innbyggjarane, opplegg for generell marknadsføring av kommunen, til dømes gjennom kurs og anna opplæring i nynorsk eller eigne retningsliner for nynorskbruk i kommunen
- god målbruk blant tilsette
- marknadsføring av nynorsk i kulturarbeid og kulturarrangement
- tidleg nynorskinnsats i barnehagar og barneskule.
Jury som ut frå desse kriteria skal velje ein vinnar, består av:
- Vidar Høviskeland, Landssamanslutninga for nynorskkommunar (LNK)
- Gunn Berit Gjerde, fylkestingsrepresentant (V) i Møre og Romsdal
- Rune Hetland, Landslaget for lokalaviser (LLA)
- Sigfrid Tvitekkja, Språkrådet
- Eli Johanne Lundemo, Kommunal- og regionaldepartementet.
Prisen blir delt ut i løpet av november 2010.
Søknadsfristen er 10. oktober 2010. Det er kommunane sjølve som søkjer om å bli med i konkurransen.
Merk søknaden "årets nynorskkommune" og send til postmottak@krd.dep.no eller
Kommunal- og regionaldepartementet
Postboks 8112 Dep
0032 Oslo.
Kontaktpersonar i Kommunal- og regionaldepartementet:
- Sissel Watz, tlf. 22 24 68 66
- Eli Johanne Lundemo, tlf. 22 24 72 62.
Kommunal- og regionaldepartementet sin pressetelefon: 22 24 25 00.
-
(Pressemeldinga er oppdatert 30.09.10 ny søknadsfrist.)