No startar bruken av e-valløysinga
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II
Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet
Pressemelding | Dato: 15.10.2010
Fredag 15. oktober skal e-valløysinga takast i bruk for fyrste gong i Noreg. Det vert gjort ved at ungdom i Ålesund kommune kan røyste elektronisk via internett på nytt ungdomsråd.
Fredag 15. oktober skal e-valløysinga takast i bruk for fyrste gong i Noreg. Det vert gjort ved at ungdom i Ålesund kommune kan røyste elektronisk via internett på nytt ungdomsråd.
Ungdomsrådsvalet i Ålesund skjer frå fredag 15. oktober kl 09.00 til måndag 18. oktober kl. 14.00. Alle ungdommar mellom 14 og 19 år som er busett i Ålesund kommune kan røyste.
I haust skal også fem andre kommunar bruke den nye e-valløysinga til å gjennomføre anten val til ungdomsråd eller rådgjevande folkerøystingar. Etter nyttår vil ytterlegare fire kommunar gjennomføre rådgjevande folkerøystingar.
Forsøkskommunane har back-up-løysingar dersom det vert problem med den elektroniske røystegjevinga.
Erfaringane frå val til ungdomsråd i Ålesund, og dei andre prøvevala i haust/vinter, vil nyttast i arbeidet med å vidareutvikle e-valløysinga og rutinar for valgjennomføring fram mot kommunestyre- og fylkestingsvalet i 2011. Då skal dei ti forsøkskommunane tilby veljarane i kommunen elektronisk røystegjeving via internett som eit supplement til vanleg papirbasert røystegjeving.
E-val 2011-prosjektet jobbar no kontinuerleg med å utvikle e-valløysninga i samarbeid med forsøkskommunane og ErgoGroup, som er leverandør. E-valløysinga som vert nytta i forsøkskommunane i haust/vinter er ikkje den fullstendige e-valløysinga som skal brukast ved kommunestyre- og fylkestingsvalet i 2011. Då skal endå fleire funksjonar takast i bruk.
- Les meir om e-val på www.e-valg.dep.no.
Kommunal- og regionaldepartementet sin pressetelefon: 22 24 25 00.