Juryen si grunngjeving
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II
Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet
Artikkel | Sist oppdatert: 16.10.2013
Juryen seier i grunngjevinga si for å gje prisen til Seljord kommune:
Juryen seier i grunngjevinga si for å gje prisen til Seljord kommune:
”Gjennom språket blir vi forma som menneske. Difor er det svært hyggjeleg for juryen å utnemne Seljord kommune til årets nynorskkommune, ein liten kommune som er i tet nasjonalt når det gjeld språkarbeid med og for dei små. Arbeidet med å gjere barnehageungar til kulturberarar for lokal kultur og språk og å auke medvitet deira om språklege skilnader gjer Seljord kommune til ikkje berre eit føredøme for nynorskkommunar, men eit døme på framifrå språkpedagogisk tenking.”
Kriteria for å kunne søkje om å få prisen var nynorskkommunar som har gjort ein innsats på eitt eller fleire av områda som er nemnde under:
- aktiv bruk og synleggjering av nynorsk i kommunale planar
- aktiv bruk av nynorsk i omdøme- og informasjonsarbeid. Dette kan vere heimesider, skriftleg informasjonsmateriell til innbyggjarane, opplegg for generell marknadsføring av kommunen, til dømes gjennom kurs og anna opplæring i nynorsk eller eigne retningsliner for nynorskbruk i kommunen
- god målbruk blant tilsette
- marknadsføring av nynorsk i kulturarbeid og kulturarrangement
- tidleg nynorskinnsats i barnehagar og barneskule.