Stortingsmelding om bygningspolitikk for fyrste gong
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II
Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet
Pressemelding | Dato: 04.02.2010
- Vi treng ein heilskapleg gjennomgang av verkemiddel, tiltak og erfaringar for å utvikle ein framtidsretta bygningspolitikk. Meldinga skal ha fokus på energieffektivitet, kvalitet og universell utforming, seier kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete.
- Vi treng ein heilskapleg gjennomgang av verkemiddel, tiltak og erfaringar for å utvikle ein framtidsretta bygningspolitikk. Meldinga skal ha fokus på energieffektivitet, kvalitet og universell utforming, seier kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete.
For fyrste gong blir det laga ei stortingsmelding om bygningspolitikken. Stortingsmeldinga skal mellom anna handle om effektive, miljøvennlege og brukarvennlege byggjeprosessar, berekraftig kvalitet i bustader og bygg og tilhøvet til byggjenæringa.
- Meldinga skal både handle om nye bygg og om kva som må gjerast for å fremje god, berekraftig kvalitet i eksisterande bygningsmasse. Dei fleste av bygningane som finst i dag, vil stå langt inn i framtida. Det er her dei store utfordringane innafor lågare energibruk, redusert miljøbelasting og universell utforming er, seier Navarsete.
Statsråden har ambisjonar om at energibruken i bygg skal halverast innan 30 år.
- I dag bruker norske bygg 80 tWh i året. Innan 2040 bør vi vere nede på 40 tWh. Innan 2020 skal alle nye bygg byggjast med passivhusstandard, seier Navarsete.
Eit anna viktig tema i meldinga er drøfting av det offentlege som førebilete for nybygging og byggforvalting når det gjeld krav til kvalitet, miljø og universell utforming. Dessutan vil rolla og oppgåvene til Statens bygningstekniske etat bli drøfta i lys av dei nye utfordringane i bygningspolitikken.
Meldinga skal óg ta føre seg oppfølging av erfaringar og tilrådingar frå det 5-årige samarbeidet i Byggjekostnadsprogrammet og utfordringane knytt til kompetansebygging og -formidling i ei næring med mange aktørar i store og små verksemder over heile landet.
- Byggfeil kostar 10-15 milliardar kroner årleg. Både byggjebransjen og forbrukarane tener på at kompetansen i næringa aukar. Talet på byggfeil skal ned, seier Navarsete.
- Bustader, bygg og bygde omgjevnader gjev fysiske rammer for kvardags- og arbeidslivet vårt. Dei står for store samfunnsverdiar og er ein viktig del av kulturarven vår. Eg ser fram til eit godt samarbeid med byggjenæringa om meldinga som skal leggjast framfor Stortinget hausten 2011, seier Navarsete.
Kommunal- og regionaldepartementet sin pressetelefon: 22 24 25 00.