Strengare krav om ferdigattest på bygg – auka tryggleik for forbrukarane
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II
Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet
Pressemelding | Dato: 16.04.2010
Viss du byggjer, byggjer på eller kjøper ein heilt ny bustad, skal du ha ferdigattest som syner at bygget er sett opp i tråd med byggjeløyvet og byggjereglane.
Viss du byggjer, byggjer på eller kjøper ein heilt ny bustad, skal du ha ferdigattest som syner at bygget er sett opp i tråd med byggjeløyvet og byggjereglane.
- Med den nye plan- og bygningslova, kan kommunen påleggje at feil og manglar rettast i 5 år etter at ferdigattest er gjeve. Slik vil føretaka kunne haldast ansvarlege for byggjefeil i opp til 5 år. Det vil forbrukarane tene på, seier kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete.
Frå 1. juli gjeld ny plan- og bygningslov og nye byggjeforskrifter. Kvaliteten i bygg skal bli betre, og forbrukarane får dermed styrka rettar.
Kravet om obligatorisk ferdigattest gjev kommunane betre mulegheit til å forvisse seg om at byggjetiltaket er heilt ferdig og kontrollert. Det vil også gje betre oversikt over busetnaden i kommunen som grunnlag for kart og framtidige situasjonsplanar.
- I dag er det mykje slurv med ferdigattestar på bygg. Ofte finst berre mellombelse bruksløyve eller ingen ting. No skjerpar vi krava slik at både forbrukarane og kommunen kan vere sikre på at bygget faktisk er ferdig og kontrollert, seier Navarsete.
Kommunal- og regionaldepartementet sin pressetelefon: 22 24 25 00.