Tilskotsordning for å fremja kunnskap om val
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II
Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet
Pressemelding | Dato: 19.08.2010
Organisasjonar og andre aktørar som ønskjer å bidra til å auke kunnskapen om val og/eller auke valdeltakinga i samband med kommunestyre- og fylkestingsvalet i 2011, kan innan 20. september søkje om tilskot frå departementet.
Organisasjonar og andre aktørar som ønskjer å bidra til å auke kunnskapen om val og/eller auke valdeltakinga i samband med kommunestyre- og fylkestingsvalet i 2011, kan innan 20. september søkje om tilskot frå departementet.
- Vi ønskjer å stimulere til meir engasjement både hos dei som ønskjer å gjennomføre tiltak og hos veljarane, seier kommunalminister Liv Signe Navarsete. – Desse tiltaka kjem som eit supplement til departementet sine eigne informasjonstiltak. Eg meiner mange organisasjonar lettare kan nå sine målgrupper enn det departementet kan. Det er derfor viktig at desse får høve til å bidra med kunnskap om val og gjerne forsøkje å påverke til auka valdeltaking, seier statsråden.
Det er satt av inntil 5 millionar kroner som kan delast ut til ulike tiltak. Ved tildeling av tilskot, vil departementet leggje vekt på mangfald, både når det gjelde tema, type tiltak og målgrupper. Det vert prioritert å gje tilskot til målgrupper som ungdom, innvandrarar og personar med behov for særskilt tilrettelagt informasjon.
Søknadsfristen er 20. september 2010. Tilskot vert utbetalt i januar 2011.