10 millionar ekstra til næringshagane i 2011
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II
Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet
Pressemelding | Dato: 15.03.2011
Nytt næringshageprogram startar 1. juli 2011. Kommunal- og regionaldepartementet ønskjer at SIVA og fylkeskommunane kan velje ut og gje klarsignal om deltaking i det nye programmet til dei fyrste næringshagane allereie i løpet av sommaren.
Nytt næringshageprogram startar 1. juli 2011. Kommunal- og regionaldepartementet ønskjer at SIVA og fylkeskommunane kan velje ut og gje klarsignal om deltaking i det nye programmet til dei fyrste næringshagane allereie i løpet av sommaren. For å gjere dette muleg, løyver departementet 10 millionar kroner ekstra til næringshagane i 2011. SIVA får med dette totalt 35 millionar kroner til næringshageprogrammet i 2011. Programmet vil bli ytterlegare styrka i 2012.
- Næringshageprogrammet er viktig fordi vi har tru på at samlokalising av små bedrifter i eit tverrfagleg miljø kan stimulere kreativitet og pågangsmot og auka verdiskaping. Dette er viktige kompetansearbeidsplassar. Evalueringar har synt at dette er utviklande for dei etablerte bedriftene. Vi har også sett at det ut av desse miljøa veks nye idear og nye bedrifter, seier kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete.
Hovudmål for det nye programmet skal vere auka verdiskaping, og det blir lagt vekt på nyskaping og innovasjon.
- I mange lokalmiljø er næringshagane eit ankerfeste for små og mellomstore bedrifter og er ein viktig utviklingsressurs for næringslivet i heile regionen. Mange småbedrifter har fått hjelp og støtte frå næringshagane i arbeidet med å dyrke fram nye idéar og kome ut i marknaden med nye produkt, seier Navarsete.
Fylkeskommunane får eit utvida ansvar i det nye programmet. Det inneber større fleksibilitet for regionale forskjellar. Fylkeskommunane og SIVA skal saman definere regionale mål, bestemme talet på næringshagar og struktur i dei respektive fylka og konkret kva for næringshagar som skal inngå i programmet.
Kommunal- og regionaldepartementet sin pressetelefon: 22 24 25 00.