Statsbudsjettet 2012
10 millionar til nytt verdiskapingsprogram for lokale og regionale parkar
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II
Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet
Pressemelding | Dato: 06.10.2011
Kommunal- og regionaldepartementet etablerer eit nytt verdiskapingsprogram for lokale og regionale parkar i 2012.
Kommunal- og regionaldepartementet etablerer eit nytt verdiskapingsprogram for lokale og regionale parkar i 2012.
Regjeringa gjer framlegg om ei løyving på 10 millionar kroner til ei ny ordning for å auke verdiskaping og næringsutvikling i område med potensial for dette. Områda må tilfredsstille visse kvalitetar for å etablere seg som ein lokal eller regional natur- og kulturpark, og ha konkrete planar for verdiskaping knytt til parken.
- Eg vil bidra til at parkane - som modell for lokalt og regionalt utviklingsarbeid - blir skikkeleg etablert i Noreg. Styrken til dei lokale og regionale parkane er at dei spring ut av initiativ som er lokalt og regionalt forankra, seier kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete.
Lokale og regionale parkar er ein samarbeidsmodell, som er i ferd med å etablere seg for bygdeutvikling og berekraftig bruk av område i Noreg med viktige natur- og kulturverdiar.
- Norske natur- og kulturverdiar er viktige ressursar og fellesgode, som me må utnytte og ta vare på. Dialog, lokal mobilisering av frivilleg sektor, samt forpliktande deltaking frå styresmakter og lokalt næringsliv kan skape eit godt grunnlag for å ta vare på og vidareutvikle slike verdiar i eit område, seier Nararsete. Etter inspirasjon frå fleire europeiske land kan lokale og regionale parkar bidra til å styrkje samarbeidet mellom aktørane om ei meir samordna og heilskapelig planlegging og utvikling av slike område. Både Sveits, Austerrike og Sverige har etablert parkar kor dei tek utgangspunkt i kultur- og naturverdiane i område.
- I Noreg tek me i bruk heile landet. Slik får me det beste ut av ressursane i naturen, i kulturen og i menneska. Slik kan lokale og regionale parkar spele ei viktig rolle, seier Navarsete.
I dag er det etablert tre norske regionale parkar, Valdres, Nærøyfjorden og Telemarkskanalen, samt åtte lokale landskapsparkar i Hordaland, Fyksesund, Herand, Stalheim, Sveio, Sæbø, Ulvik, Vikebygd og Åkrafjorden.
Verdiskapingsprogrammet startar opp i 2012. Midlane blir lyst ut så snart ordninga er på plass. Lenke til Parknytt
Kommunal- og regionaldepartementet sin pressetelefon: 22 24 25 00.