Statsbudsjettet 2012
13 millionar til Ungt entreprenørskap
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II
Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet
Pressemelding | Dato: 06.10.2011
I framlegget til statsbudsjett for 2012 aukar Kommunal- og regionaldepartementet tilskotet til Ungt entreprenørskap med 2 millionar til 13 millionar kroner.
I framlegget til statsbudsjett for 2012 aukar Kommunal- og regionaldepartementet tilskotet til Ungt entreprenørskap med 2 millionar til 13 millionar kroner for å styrke arbeidet med å byggje ein kultur for entreprenørskap. I tillegg kjem ein million ekstra til entreprenørskap blant unge i nord gjennom Innovasjon Noreg.
Løyvinga til Ungt Entreprenørskap over Kommunal- og regionaldepartementet (KRD) sitt budsjett blir dermed på til saman 13 millionar kroner, og KRD er med dette største bidragsytar til UE.
- Eg er oppteken av at det er eit rikt mangfald av arbeidsplassar over heile landet. For å få det til, treng me mange med pågangsmot og stå-på-vilje som vel å starte eiga verksemd. Eg er imponert over engasjementet, kreativiteten og motet som Ungt Entreprenørskap er med og utløyser hjå unge skaparar, seier kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete.
Ungt Entreprenørskap arbeider aktivt saman med skular og utdanningsinstitusjonar for å bidra til at alle elevar og studentar får eit tilbod om opplæring i entreprenørskap. Aktiviteten har vakse kraftig etter at organisasjonen vart etablert i 1997. I 2010 deltok over 150 000 elevar og studentar på UE sine aktivitetar. 67 prosent av alle vidaregåande skular i Noreg tilbyr ungdomsbedrift.
Regjeringa aukar også Nærings- og handelsdepartementet sitt tilskot til Ungt Entreprenørskap med 1 million kroner til 12 millionar kroner.
I tillegg gjer regjeringa framlegg om å auke tildelinga til entreprenørskap og nyskaping blant unge i Nord-Noreg gjennom Innovasjon Noreg. Løyvinga, som går over Kommunal- og regionaldepartementet sitt budsjett, aukar med 1 million kroner til 5 millionar kroner.
Kommunal- og regionaldepartementet sin pressetelefon: 22 24 25 00.