Statsbudsjettet 2012
21,2 millionar til drivstofftilgangen i distrikta
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II
Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet
Pressemelding | Dato: 06.10.2011
Regjeringa set av til saman 47,2 millionar kroner til MERKUR-programmet og utviklings- og investeringsstøtta til distriktsbutikkar. Auken på 21,2 millionar skal i hovudsak nyttast til å styrke drivstofftilgangen i distrikta. Tilgjengelegheit til drivstoff er viktig der avstandane er store.
Regjeringa set av til saman 47,2 millionar kroner til MERKUR-programmet og utviklings- og investeringsstøtta til distriktsbutikkar. Auken på 21,2 millionar skal i hovudsak nyttast til å styrke drivstofftilgangen i distrikta. Tilgjengelegheit til drivstoff er viktig der avstandane er store.
- Dette er ei kraftig styrking av det arbeidet MERKUR gjer for å sikre betre tilgang på gode tenester i distrikta. Noko av midlane skal òg nyttast til å utvikle nye planar for korleis dagligvarebutikkar kan styrke stillinga si som sentral leverandør av tenester i utkantstrok, seier kommunal- og regionalminister Liv signe Navarsete.
MERKUR-programmet er eit kompetanse- og utviklingsprogram retta mot daglegvarebutikkar i distrikta. Erfaringane frå innsatsen i MERKUR er gode. Butikkar som er med i MERKUR driv til dels under marginale vilkår, men klarar seg ofte betre enn andre distriktsbutikkar. Desse gode resultata har ført til at MERKUR har utvida sitt arbeidsfelt.
Det er dei seinare åra utvikla eit eige tilbod til bokhandlarar i distrikta, det er etablert ei eiga investerings- og utviklingstøtte for daglegvarebutikkar slik at butikkane kan fornye og investere i butikken (data og kjøl/frys) og i 2012 vert altså investerings- og utviklingsstøtta utvida, for å kunne styrke tilgangen på drivstoff i distriktsområde. Støtteordninga skal bidra til at eksisterande drivstoffanlegg kan moderniserast, og at det vert mogleg å investere i nye, mobile anlegg.
I tillegg blir det sett i gang eit prøveprosjekt der nokre butikkar prøver ut butikken som sosial arena for innbyggjarane.
- Eg veit at nærbutikken er viktig for mange lokalsamfunn. Butikken som møteplass og tenesteleverandør i eit bygdesamfunn kan ikkje overvurderast, det er sjølve limet i bygda, seier kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete.
Kommunal- og regionaldepartementet sin pressetelefon: 22 24 25 00.