2,5 millionar kroner i bulystmidlar til omdømmeprosjekt i Nord-Troms
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II
Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet
Pressemelding | Dato: 02.09.2011
Ei rekkje prosjekt i heile landet får midlar til å arbeide med bulyst. - Det har vore eit krevjande arbeid å plukke ut dei beste av heile 182 søknader. Eit av desse prosjekta kjem frå Nord-Troms regionråd, seier kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete.
Ei rekkje prosjekt i heile landet får midlar til å arbeide med bulyst. - Det har vore eit krevjande arbeid å plukke ut dei beste av heile 182 søknader. Eit av desse prosjekta kjem frå Nord-Troms regionråd, seier kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete.
- Regjeringa vil at alle i Noreg skal ha høve til å bu der dei ønskjer. Bulystsatsinga inneber midlar til utviklingsprosjekt som skal vere med på å skape attraktive lokalsamfunn. Me er særleg ute etter prosjekt som har nasjonal overføringsverdi. Søknadsbunken vitnar om eit stort engasjement i heile landet, seier kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete.
I utveljinga av bulystprosjekt har Kommunal- og regionaldepartementet særleg lagt vekt på kvalitet, forankring, nytenking og samarbeid. Viktige målgrupper er ungdom, kvinner og innvandrarar. Også fylkeskommunane har spelt ei viktig rolle i handsaminga av søknader.
Nord-Troms har erkjent at dei som region er lite kjent ut over sine eigne grenser. Då er det om å gjere å lage ein ny, sprek og framtidsretta profil! Det at dei vil mobilisere blant innbyggjarane i regionen gjer at mange får eigarskap til den framtidige profilen til Nord-Troms. At ungdom i regionen får høve til å sette sitt preg på arbeidet kan gje gode og konstruktive innspel for framtida.
- Regionen er spennande, og manglar i alle fall ikkje element for å kunne stå fram med attraksjonar og gode identitetsuttrykk. Særleg skjer dette i møtet mellom dei tre etnisitetane i regionen, den norske, den kvenske og den samiske, avsluttar Navarsete.
Kommunal- og regionaldepartementet sin pressetelefon: 22 24 25 00.