275 millionar i etterbetaling til kommunane
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II
Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet
Pressemelding | Dato: 14.06.2011
I dag får 94 kommunar utbetalt til saman 275 millionar kroner i investeringstilskot til ferdigstilte omsorgsbustader og sjukeheimsplassar.
I dag får 94 kommunar utbetalt til saman 275 millionar kroner i investeringstilskot til ferdigstilte omsorgsbustader og sjukeheimsplassar.
- Regjeringa er oppteken av at kommunane blir handsama likt. Kommunar som var tidleg ute og allereie er ferdig med byggjeprosjekt av omsorgsbustader og sjukeheimsplassar, skal ikkje kome dårlegare ut enn kommunar som startar utbygginga først no, seier kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete.
Regjeringa auka investeringstilskotet til omsorgsbustader og sjukeheimsplassar. Auken har fått tilbakeverkande kraft og omfattar dermed alle kommunar som har fått tilsegn om investeringstilskot frå Husbanken etter at ordninga blei innført i 2008. Etterbetalinga til kommunane med ferdigstilte byggjeprosjekt skjer i dag 14. juni 2011. I alt blir det utbetalt om lag 275 millionar kroner til 94 kommunar. Kommunane er varsla om etterbetalinga i eige brev.
For omsorgsbustader er tilskotet auka frå 20 til 30 prosent og for sjukeheimsplassar frå 30 til 40 prosent. Maksimalt tilskot er auka frå 444 400 kroner til 666 600 kroner for omsorgsbustader og frå 666 600 kroner til 888 800 kroner for sjukeheimsplassar, jf. Prop.65 S (2010-2011).
Investeringstilskotet er eit sentralt verkemiddel i Omsorgsplan 2015. Målet til regjeringa er å gje tilsegn til bygging og renovering av 12 000 omsorgsbustader og sjukeheimsplassar fram mot 2015. Auken av investeringstilskotet har ein samla kostnad for heile satsinga på 2,5 milliardar kroner. Av dette vil om lag 730 millionar kroner bli etterbetalt til kommunar som har fått tilsegn etter gammal tilskotssats etter kvart som byggjeprosjekta blir ferdigstilt.
Kommunal- og regionaldepartementet sin pressetelefon: 22 24 25 00.