Historisk arkiv

Akershus fylkeskommune satsar på næringsutvikling

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet

79 prosent av dei løyvde regionale utiklingsmidlane som Akershus fylkeskommune brukte i 2010 gjekk til næringsutvikling. Som eit ledd i denne satsinga prioriterte fylkeskommunen å styrke dei regionale næringsmiljøa.

79 prosent av dei løyvde regionale utiklingsmidlane som Akershus fylkeskommune brukte i 2010 gjekk til næringsutvikling. Som eit ledd i denne satsinga prioriterte fylkeskommunen å styrke dei regionale næringsmiljøa.

Det viser rapporten frå Akershus fylkeskommune til Kommunal- og regionaldepartementet om bruken av midlane til regional utvikling for 2010. Akershus fylkeskommune fordelte 22,93 millionar kroner av dei tildelte midlane til regional utvikling i 2010. Den samla løyvinga til alle fylkeskommunane var på rundt 2,1 milliardar kroner dette året. Akershus fylkeskommune fekk til saman 17,44 millionar kroner i regionale utviklingsmidlar frå Kommunal- og regionaldepartementet i 2010.

Fylkeskommunane har ei sentral rolle som pådrivar og initiativtakar for å møte regionale utfordringar. Størsteparten av Kommunal- og regionaldepartementet sine midlar til distrikts- og regionalpolitikk går difor til fylkeskommunane.

Fylkeskommunen rapporterer at nokre av utfordringane i fylket er:

  • Behov for auka innovasjon og nyskaping i næringslivet
  • Sterkare næringsklynger for å styrke regionane si internasjonalekonkurranseevne
  • Styrkt kommersialisering av forskingsresultat
  • Styrkt internasjonal profilering av hovudstadsregionen
  • Auka rekruttering til realfag.

Innovasjon og klyngeutvikling, entrepenørskap, samarbeid mellom utdanning og næringsliv og å satse på hovudstadsregionen som ein internasjonal region er strategiar for å styrke regionen. Tiltak som fylkeskommunen trekker fram er:

  • Kunnskaps- og industribasert produktutvikling knytt til forskingsinstitutta på Kjeller og Høgskolen i Akershus
  • Eablerarrettleiing og kurs i regi av delregionane i Akershus
  • 27 etablerarstipend via Innovasjon Noreg
  • Satsing på å kommersialisere fornybar energi
  • Satsing på innovasjonssenter, bedriftsnettverk og næringsklynger.

Akershus fylkeskommune sitt utviklingsarbeid er basert på partnarskap med regionale og lokale næringslivsorganisasjonar, statlege verkemiddelaktørar, kommunar/delregionar og forskingsparkar.

- Me ser at det er godt samsvar mellom utfordringar i Akershus og prioriteringane til fylkeskommunen, seier kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete.

Fylkeskommunen fordeler midlane til regional utvikling i eigen regi, gjennom Innovasjon Norge, kommunar og regionråd.

Sjå elles:

 
Kommunal- og regionaldepartementet sin pressetelefon: 22 24 25 00.