Historisk arkiv

Åsnes næringshage i Hedmark inn i nytt næringshageprogram

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet

Åsnes næringshage får tilbod om å delta i det nye næringshageprogrammet. Dette har Hedmark fylkeskommune og SIVA bestemt.

Åsnes næringshage får tilbod om å delta i det nye næringshageprogrammet. Dette har Hedmark fylkeskommune og SIVA bestemt.

- Næringshageprogrammet er viktig fordi vi har tru på at samlokalisering av små bedrifter i eit tverrfagleg miljø kan stimulere til kreativitet og pågangsmot. Evalueringar har synt at dette er utviklande for dei etablerte bedriftene, men vi har og sett mange eksempel  på at det ut frå slike miljø veks nye idear òg nye bedrifter, seier kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete
 
Hovudmål for det nye programmet skal vere auka verdiskaping, og det blir lagt vekt på innovasjon og å få fram fleire gründerar. Samlokalisering av små bedrifter i eit tverrfagleg miljø skapar auka verdiskaping, meirverdi, konkurransekraft og innovasjonar. Næringshagane medverkar til å trekkje til seg og rekruttere dyktige medarbeidarar til næringslivet i regionen.
 
Åsnes Næringshage
Åsnes Næringshage har fokus på næringsutvikling i heile Glåmdalen, og særleg Solørregionen. Næringshagen har 12 målbedrifter og samlokaliserar endå fleire. Dei har særleg merksemd på å støtte og byggje opp gründerar. Åsnes Næringshage feira nyleg 10-års jubileum og er ein viktig aktør i eit tradisjonelt næringssvakt område.

Regjeringa styrka næringshageprogrammet i statsbudsjettet for 2012. Det gjer at fleire næringshagar kan delta. Det er stor interesse for og hard konkurranse om å få delta i det nye programmet.

SIVA har som mål å skape sterke utviklingsmiljø i heile landet. Fylkeskommunen har hovudansvaret for å leggje til rette for ei positiv næringsutvikling i eige fylke.

- Eg er difor svært nøgd med at det nye programmet no er kome i gang og ser positivt på det  tette samarbeidet  mellom fylkeskommunane og SIVA i gjennomføringa av programmet, seier statsråden.

Dei næringshagane som ikkje kjem med i denne runden får eit siste høve til våren, når den siste søknadsrunden blir gjort offentleg.

Kommunal og regionaldepartementet sin pressetelefon: 22 24 25 00.