Aust-Agder fylkeskommune satsar på næringsutvikling
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II
Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet
Pressemelding | Dato: 04.10.2011
Aust-Agder fylkeskommune brukte til saman 61 prosent av dei løyvde midlane til regional utvikling på næringsutvikling i 2010. Fylkeskommunen prioriterte særleg å vidareutvikle etablerte bedrifter.
Aust-Agder fylkeskommune brukte til saman 61 prosent av dei løyvde midlane til regional utvikling på næringsutvikling i 2010. Fylkeskommunen prioriterte særleg å vidareutvikle etablerte bedrifter.
Det viser rapporten frå Aust-Agder fylkeskommune til Kommunal- og regionaldepartementet om bruken av midlane til regional utvikling for 2010. Aust-Agder fordelte 35,32 millionar kroner frå dei tildelte midlane til regional utvikling i 2010. Den samla løyvinga til alle fylkeskommunane var på rundt 2,1 milliardar kroner dette året.
Fylkeskommunane har ei sentral rolle som pådrivar og initiativtakar for å møte regionale utfordringar. Størsteparten av Kommunal- og regionaldepartementet sine midlar til distrikts- og regionalpolitikk går difor til fylkeskommunane.
Fylkeskommunen rapporterer om utfordringar knytt til blant anna levekår og innovasjon i næringslivet. Finanskrisa skapte utfordringar ved at konjunkturnedgangen råka mange underleverandørar i distriktskommunar også i 2010.
Som eit ledd i næringsutviklinga gav Aust-Agder fylkeskommune støtte til innovative tiltak for å vidareutvikle 20 bedrifter via Innovasjon Noreg i 2010. Fylkeskommunen prioriterte òg å styrke dei regionale næringsmiljøa. Rapporten trekker fram hjelp til etablering, utvikling og finansiering for nye vekstbedrifter.
For å bidra til å styrke kommunane sitt utviklingsarbeid, har fylkeskommunen gitt fem kommunar fire millionar kroner til kommunale næringsfond. I mindre kommunar meiner fylkeskommunen at det er særs viktig med samarbeid over kommunegrensene.
Fylkeskommunen brukte òg midlane på entreprenørskap, der den blant anna gav 13 etablerarstipend via Innovasjon Noreg. Løyvingar til regionale næringsfond har ifølgje fylkeskommunen bidrege til å etablere om lag 22 arbeidsplassar i nye bedrifter. I tillegg har fylkeskommunen satsa på entreprenørskap blant unge gjennom Ungt Entreprenørskap Agder i samarbeid med Vest-Agder.
- Aust-Agder har satsa særskilt på næringsutvikling. Vi ser at prioriteringane i Aust-Agder er knytte til utfordringane fylkeskommunen står overfor, oppsummerar kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete.
Fylkeskommunane fordeler midlane til regional utvikling i eigen regi, gjennom Innovasjon Norge, kommunar og regionråd.
Sjå elles:
- Faktaark om dei regionale utviklingsmidlane (pdf)
- Mål for programkategori 13.50 Distrikts- og regionalpolitikk (pdf)
- Tabell over fylkeskommunane si prosentvise fordeling av midlane etter arbeidsmål (pdf)
- Tabell over tildeling av regionale utviklingsmidlar til alle fylkeskommunane (pdf)
- Aust-Agder fylkeskommune
- Fylkeskommunane som regionale utviklingsaktørar
Kommunal- og regionaldepartementet sin pressetelefon: 22 24 25 00.