Balansert fordeling av institusjonar i Agder
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II
Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet
Pressemelding | Dato: 20.06.2011
Regjeringa vil følgje fylkestinga i Aust-Agder og Vest-Agder sine ønskje om at ein balansert fordeling av institusjonar mellom dei to fylka skal leggast til grunn ved ei eventuell samanslåing av Agder.
Regjeringa vil følgje fylkestinga i Aust-Agder og Vest-Agder sine ønskje om at ein balansert fordeling av institusjonar mellom dei to fylka skal leggast til grunn ved ei eventuell samanslåing av Agder.
- Viss det etter folkeavstemminga i Aust-Agder til hausten blir vedtak om samanslåing av Agder-fylka, er eg glad for å kunne støtte opp under prosessen ved å følgje fylkeskommunane sine ønskjer når det gjeld lokalisering av statlege institusjonar, seier kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete.
Dei to fylkeskommunane blir varsla om dette i brev. Regjeringa og fylkeskommunane har vore opptekne av å avklare dette før folkeavstemminga til hausten.
Når det gjelder NAV spesielt, så skal fylkestingsvedtaka si fordeling vege svært tungt som utgangspunkt for ei balansert fordeling. Fordelinga av personale i gjennomføringsprosessen må likevel ikkje vere til hinder for at personell med rett kompetanse blir lokalisert ut frå omsynet til å ivareta god kvalitet på tenestene til innbyggjarane. Fordelinga av institusjonar mellom dei to fylka skal skje slik at omsynet til effektiv drift og god kvalitet i oppgåveløysninga blir ivareteke på ein god måte.
Kommunal- og regionaldepartementet sin pressetelefon: 22 24 25 00.