Bulystmidlar til inkluderingsprosjekt i Herøy kommune i Nordland
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II
Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet
Pressemelding | Dato: 06.09.2011
Ei rekke prosjekt i heile landet får midlar til å arbeide med bulyst. - Det har vore eit krevjande arbeid å plukke ut dei beste av heile 182 søknadar. Eitt av prosjekta som no får 1,7 millionar kroner i støtte ligg i Herøy kommune i Nordland.
Ei rekke prosjekt i heile landet får midlar til å arbeide med bulyst. - Det har vore eit krevjande arbeid å plukke ut dei beste av heile 182 søknadar. Eitt av prosjekta som no får 1,7 millionar kroner i støtte ligg i Herøy kommune i Nordland.
- Regjeringa vil at alle i Noreg skal ha høve til å bu der dei ønskjer. Bulystsatsinga inneber midlar til utviklingsprosjekt, som skal vere med på å skape attraktive lokalsamfunn. Vi er særleg ute etter prosjekt som har nasjonal overføringsverdi. Søknadsbunken vitnar om at det er eit stort engasjement i heile landet, seier kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete.
I utveljinga av Bulystprosjekt har Kommunal- og regionaldepartementet særleg lagt vekt på kvalitet, forankring, nytenking og samarbeid. Viktige målgrupper er ungdom, kvinner og innvandrarar. Også fylkeskommunane har spelt ei viktig rolle i behandlinga av søknadar. I Nordland har det vore eit særleg sterkt fokus på temaet integrering av innvandrarar og andre tilflyttarar til dei mange kommunane i fylket.
Herøy kommune arbeider heilskapleg, konkret og målretta med temaet integrering og inkludering av tilflyttarar. Dette er eit prosjekt som vil ha positive effektar for lokalsamfunnet som heilskap, i tillegg til meir stabil arbeidskraft og meir stabilt bustadmiljø. Prosjektet set fokus på opne, inviterande aktivitetar og grundarkultur.
-Me har forventningar til at arbeidet i Herøy kan inspirere andre kommunar som ønskjer å sette i gang gode og effektive integreringstiltak, seier statsråd Liv Signe Navarsete.
Kommunal- og regionaldepartementet sin pressetelefon: 22 24 25 00.