Bulystmidlar til Vi vil heim prosjektet i Nordland
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II
Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet
Pressemelding | Dato: 07.09.2011
Ei rekke prosjekt i heile landet får midlar til å arbeide med bulyst. - Det har vore eit krevjande arbeid å plukke ut dei beste av heile 182 søknadar. Eitt av prosjekta som no får 750 000 kroner er Vil vil heim prosjektet i regi av Mosjøen og omegn næringsselskap KF.
Ei rekke prosjekt i heile landet får midlar til å arbeide med bulyst. - Det har vore eit krevjande arbeid å plukke ut dei beste av heile 182 søknadar. Eitt av prosjekta som no får 750 000 kroner er Vil vil heim prosjektet i regi av Mosjøen og omegn næringsselskap KF.
- Regjeringa vil at alle i Noreg skal ha høve til å bu der dei ønskjer. Bulystsatsinga inneber midlar til utviklingsprosjekt, som skal vere med på å skape attraktive lokalsamfunn. Vi er særleg ute etter prosjekt som har nasjonal overføringsverdi. Søknadsbunken vitnar om at det er eit stort engasjement i heile landet, seier kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete.
I utveljinga av Bulystprosjekt har Kommunal- og regionaldepartementet særleg lagt vekt på kvalitet, forankring, nytenking og samarbeid. Viktige målgrupper er ungdom, kvinner og innvandrarar. Også fylkeskommunane har spelt ei viktig rolle i behandlinga av søknadar. I Nordland har det vore eit særleg sterkt fokus på temaet integrering av innvandrarar og andre tilflyttarar til dei mange kommunane i fylket.
Næringslivet i Helgelandsregionen har saman med det offentlege teke ein offensiv strategi for å auke attraktiviteten, slik at fleire unge får lyst til å bu og arbeide i regionen. Prosjektet har arbeider langsiktig og heilskapleg med rekrutteringsstrategiar for heile regionen. Helgelandsregionen har, som mange andre distriktsområde, eit arbeidsliv som treng fleire unge og dyktige folk. Då er det svært positivt at så mange regionale aktørar går saman, for å vise det store mangfaldet i regionen, seier statsråd Liv Signe Navarsete. Å vise fram kva heile regionen har å by på, både når det gjeld spennande arbeid, gode tenestetilbod og attraktive fritidstilbod er viktig for å få meir tilflytting.
Kommunal- og regionaldepartementet sin pressetelefon: 22 24 25 00.