Dei regionale trainee-programma gir gode resultat
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II
Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet
Pressemelding | Dato: 08.03.2011
Kompetansesenter for distriktsutvikling har fått evaluert dei regionale trainee-programma. Rapporten syner at ordningane har positiv effekt for dei som er høgt utdanna, for samarbeid mellom bedrifter og for omdømmet til regionane som er med.
Kompetansesenter for distriktsutvikling har fått evaluert dei regionale trainee-programma. Rapporten syner at ordningane har positiv effekt for dei som er høgt utdanna, for samarbeid mellom bedrifter og for omdømmet til regionane som er med.
- Det er særleg interessant at dei utan tilknyting til staden eller regionen meiner dei har hatt størst utbytte av trainee-programmet, seier kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete.
- Rapporten syner tydeleg at dei som lukkast best med å få traineeane til å bli buande, har blikket retta mot kompetanse, og ikkje berre på heimflyttarane. Denne oppdaginga er verdt å ta med i ”flytte hit eller flytte heim”-debatten, seier statsråden.
Jobb viktigast for høgtutdanna
- Evalueringa styrkjer mykje av det vi allereie veit. Betre jobbmulegheiter gir meir tilflytting, og regionale traineeordningar er effektive verkemiddel, seier Navarsete.
- Dette er oppløftande funn, og viser kor viktig det er å få fram relevante kompetansearbeidsplassar i heile landet og sikrer vekst i næringslivet, seier kommunalministeren.
Godt verktøy for integrering
- Rapporten seier og at traineeprogrammet er godt eigna til å integrere nye innbyggjarar. Gjennom programmet blir dei kjende med andre i same situasjon, med næringslivet og offentleg sektor i regionen. Ei av dei viktigaste årsakene til at folk flytter vidare er at nykommarar ikkje blir integrert i lokalsamfunnet. Integrering av nye innbyggjarar er eit tema eg vil ha særskild merksemd på i året som kjem. Det er viktig for å sikre rekruttering av kompetente medarbeidarar og vekst i heile landet, seier Navarsete.
Kommunal- og regionaldepartementet sin pressetelefon: 22 24 25 00.