Historisk arkiv

Den finske statsministeren og statsråd Navarsete drøfta regional statsstøtte

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet

Under den finske statsministeren sitt besøk 3. mars drøfta Mari Kiviniemi og Kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete det arbeidet som EU-kommisjonen vil starte opp med allereie i neste veke med revisjon av retningslinene for regional statsstøtte.

Under den finske statsministeren sitt besøk 3. mars drøfta Mari Kiviniemi og Kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete det arbeidet som EU-kommisjonen vil starte opp med allereie i neste veke med revisjon av retningslinene for regional statsstøtte. Dei nye retningslinene vil gjelde frå 1.1.2014 og 7 år framover.

Både for Noreg og Finland er det avgjerande at regelverket også i framtida vert utforma slik at det gjer rom for å føre ein aktiv regionalpolitikk for å sikre busetjing i alle delar av dei to landa.

Under forhandlingane om medlemskap i 1994 sto Finland, Sverige og Noreg saman om å få aksept for eit nytt kriterium i regelverket som tek omsyn til dei nordiske særtrekka med låg befolkningstetthet, perifer plassering og nedgang i folketalet i distrikta. Dette kriteriet,”låg befolkningstetthet”, er avgjerande for så vel Finland som Noreg for å kunne sikre busetjing og levekår i alle delar av våre land.

For Noreg er den differensierte arbeidsgjevaravgifta det viktigaste og mest målretta verkemiddelet, men også investeringsstøtte til bedrifter som ynskjer å etablere seg i distrikta og transportstøtte er viktig å kunne vidareføre for å kunne sikre busetjing og næringsliv. 

I samtalane vart den finske statsministeren og kommunal- og regionalministeren samde om at dei skal arbeide tett saman for å sikre at landa sine felles interesser blir fullt ut teke omsyn til. Det nordiske samarbeidet vil i denne samanhengen være ein viktig arena.

Kommunal- og regionaldepartementet sin pressetelefon: 22 24 25 00.