Finnmark fylkeskommune satsar på å vidareutvikle bedrifter
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II
Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet
Pressemelding | Dato: 04.10.2011
46 prosent av dei løyvde midlane til regional utvikling som Finnmark fylkeskommune brukte i 2010 gjekk til å vidareutvikle etablerte bedrifter. Dette var det høgast prioriterte området for fylkeskommunen.
46 prosent av dei løyvde midlane til regional utvikling som Finnmark fylkeskommune brukte i 2010 gjekk til å vidareutvikle etablerte bedrifter. Dette var det høgast prioriterte området for fylkeskommunen.
Dette går fram av Finnmark fylkeskommune sin rapport til Kommunal- og regionaldepartementet om bruken av midlane til regional utvikling i 2010. Finnmark fylkeskommune fordelte i 2010 145,32 millionar av tildelte regionale utviklingsmidlar. Den samla løyvinga til alle fylkeskommunane i 2010 var på omlag 2,1 milliardar kroner.
Fylkeskommunane har ei sentral rolle som pådrivar og initiativtakar for å møte regionale utfordringar. Størsteparten av Kommunal- og regionaldepartementet sine midlar til distrikts- og regionalpolitikk går difor gjennom fylkeskommunane.
Fylkeskommunen rapporterer at Finnmark har utfordringar som følgje av nedgang i folketalet, men nedgangen har vore lågare det siste året enn tidlegare. Spesielt er utfordringane store i kystkommunane som er avhengige av fiskerinæringa.
Gjennom Innovasjon Noreg har fylkeskommunen satsa spesielt på maritime sørvistilbod i forhold til petroleumssektoren og på nettverksbygging. Konkurranseutsette vekstbedrifter som sjømatprodusentar, mineralprodusentar og reiselivsprodusentar har fått risikokapitalstøtte frå Innovasjon Noreg. Støtte til små, familiebaserte føretak har òg vore ei viktig satsing.
For å bidra til å styrke kommunane sitt utviklingsarbeid, har fylkeskommunen gitt 32 millionar kroner til kommunale næringsfond og omstillingsfond i kommunane.
Finnmark brukte 14 prosent av midlane til regional utvikling på stadutvikling og profilering. Fylkeskommunen trekkjer fram to bulystprosjekt som døme, Aktive ungdomsråd i alle kommunar og Sangkraft Berlevåg.
- Me ser at kystbedrifter får nytte av regionale utviklingsmidlar, og at fylkeskommunen brukar midlane der fylket har utfordringar, seier kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete.
Fylkeskommunane fordeler midlane til regional utvikling i eigen regi, gjennom Innovasjon Norge, kommunar og regionråd.
Sjå elles:
Kommunal- og regionaldepartementet sin pressetelefon: 22 24 25 00.