Kommuneproposisjonen 2012
Finnmark får 70 millionar til samhandling
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II
Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet
Pressemelding | Dato: 13.05.2011
Kommunane i Finnmark fylke får 70 millionar kroner til kommunal medfinansiering av spesialisthelsetenesta og utskrivingsklare pasientar neste år.
Kommunane i Finnmark fylke får 70 millionar kroner til kommunal medfinansiering av spesialisthelsetenesta og utskrivingsklare pasientar neste år.
I samband med samhandlingsreforma får kommunane overført om lag 5 milliardar kroner over rammetilskotet i 2012. Dette er fordi kommunane får nye oppgåver ved innføring av kommunal medfinansiering av spesialisthelsetenesta og økonomisk ansvar for utskrivingsklare pasientar.
- Nye oppgåver skal kommunane få kompensasjon for. Desse oppgåvene får kommunane handlingsrom til å løyse sjølve eller saman med andre kommunar og i samarbeid med spesialisthelsetenesta, seier kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete.
Betre folkehelse og betre helsetilbod til innbyggjarane nær der dei bur er målet med samhandlingsreforma.
- Det vil lønne seg for kommunane å halde folk friske. Vi skal bli betre på førebygging og flinkare til å tilby det som skal til i forkant i staden for å reparere i etterkant, seier Navarsete.
Midlane vert fordelte gjennom inntektssystemet til kommunane. Fordelinga baserar seg på alderssamansettinga i befolkninga og tek omsyn til at behandlingskostnadene er aukande med alder.
Enkelte kommunar vil kunne ha høgare kostnader ved kommunal medfinansiering og utskrivingsklare pasientar ved innføringstidspunktet enn det som fordelinga i inntektssystemet fangar opp. Desse vil i ein overgangsperiode få ein kompensasjon utover det som vert fordelt gjennom kostnadsnøkkelen. Regjeringa vil i statsbudsjettet kome tilbake til nivå og retning på kompensasjonen.
Tabellen under viser ei berekning på kor mykje kommunane i Finnmark fylke vil få gjennom kostnadsnøkkelen i inntektssystemet. Dei endelege tala vil avvike noko frå anslaget sidan endelege rammer vert fastsett i statsbudsjettet og kriteriedata om befolkningsutviklinga i kommunane er oppdaterte.
Fordeling av samhandlingsmidlar |
Beløp i 1000 kr |
2002 Vardø |
2 427 |
2003 Vadsø |
5 611 |
2004 Hammerfest |
8 959 |
2011 Kautokeino |
2 627 |
2012 Alta |
15 938 |
2014 Loppa |
1 358 |
2015 Hasvik |
1 069 |
2017 Kvalsund |
1 259 |
2018 Måsøy |
1 478 |
2019 Nordkapp |
3 327 |
2020 Porsanger |
4 052 |
2021 Karasjok |
2 685 |
2022 Lebesby |
1 435 |
2023 Gamvik |
1 115 |
2024 Berlevåg |
1 196 |
2025 Tana |
3 109 |
2027 Nesseby |
1 090 |
2028 Båtsfjord |
2 006 |
2030 Sør-Varanger |
9 502 |
Finnmark |
70 242 |
- Kommuneproposisjonen 2012
Prop. 115 S (2010-2011)
Kommunal- og regionaldepartementet sin pressetelefon: 22 24 25 00.