Førehandsrøystinga er i gang
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II
Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet
Pressemelding | Dato: 10.08.2011
Kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete nytta sjansen til å røyste same dag som førehandsrøystinga starta opp.
Kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete nytta sjansen til å røyste same dag som førehandsrøystinga starta opp.
Frå og med i dag er det mogleg å røyste på førehand til kommunestyre- og fylkestingsvalet 2011. Kommunal- og regionalministeren røysta i Lærdal rådhus.
- Hendingane 22. juli var eit angrep på Noregs demokrati. Deltaking i valet er viktig for å støtte opp om demokratiet og dei verdiane vi alle ønskjer å verne om. Eg vil difor oppfordre alle til å bruke røysteretten sin, seier Navarsete.