Hedmark fylkeskommune bruker midlar på næringsutvikling
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II
Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet
Pressemelding | Dato: 04.10.2011
73 prosent av dei løyvde midlane til regional utvikling som Hedmark fylkeskommune brukte i 2010 gjekk til ulike næringsutviklingstiltak. Som eit ledd i denne satsinga prioriterte fylkeskommunen å vidareutvikle etablerte bedrifter.
73 prosent av dei løyvde midlane til regional utvikling som Hedmark fylkeskommune brukte i 2010 gjekk til ulike næringsutviklingstiltak. Som eit ledd i denne satsinga prioriterte fylkeskommunen å vidareutvikle etablerte bedrifter.
Det viser rapporten frå Hedmark fylkeskommune til Kommunal- og regionaldepartementet om bruken av dei regionale utviklingsmidlane. Hedmark fordelte 85,85 millionar kroner av desse midlane i 2010. Den samla løyvinga til alle fylkeskommunane var rundt 2,1 milliardar kroner dette året.
Fylkeskommunane har ei sentral rolle som pådrivar og initiativtakar for å møte regionale utfordringar. Størsteparten av Kommunal- og regionaldepartementet sine midlar til distrikts- og regionalpolitikk går difor til fylkeskommunane.
Nokre av hovudutfordringane som kjem fram i rapporten er at mange av næringane er i sysselsettingsmessig tilbakegang og har låg verdiskaping. Det er få store verksemder i fylket. 90 prosent av dei sysselsette arbeider i verksemder med færre enn 20 tilsette.
Hedmark fylkeskommune framhevar næringshagar og kunnskapsparkar som viktige tiltak for å auke innovasjon og lønsemd blant bedrifter. Fylkeskommunen er også med i ein regional partnarskap med 13 aktørar, som har fleire satsingsområde. Nokre av satsingane er Verkemiddel for regional innovasjon (VRI), som skal gi meir samarbeid mellom næringsliv og forskings- og utdanningsmiljø, skognæring, reiseliv og entreprenørskap.
Andre utfordringar fylket står overfor er spreidd busetting. Difor satsar Hedmark fylkeskommune også på å skape attraktive lokalsamfunn, og fylkeskommunen har satsa 19 prosent av midlane til stadutviklingstiltak og profilering i kommunane. Desse midlane gjekk blant anna til satsinga Lokal samfunnsutvikling i kommunane (LUK), der fylkeskommunen samarbeider med åtte kommunar om stadutvikling, identitets- og omdømmebygging. Gjennom tildeling til kommunale næringsfond har fylkeskommunen bidrege til å styrke kommunane sitt utviklingsarbeid og til at kommunane kan utføre si rolle som førstelinekontakt for næringslivet.
- Me ser at Hedmark arbeider målretta for å møte store utfordringar i næringslivet blant anna knytt til behovet for et meir forskingsintensivt næringsliv. Samtidig klarar fylkeskommunen å satse på å utvikle attraktive stader, seier kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete.
Fylkeskommunane fordeler midlane til regional utvikling i eigen regi, gjennom Innovasjon Norge, kommunar og regionråd.
Sjå elles:
Kommunal- og regionaldepartementet sin pressetelefon: 22 24 25 00.