Historisk arkiv

Hordaland fylkeskommune satsar på å vidareutvikle etablerte bedrifter og på entreprenørskap

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet

Hordaland fylkeskommune brukte til saman 58 prosent av dei løyvde regionale utviklingsmidlane til å vidareutvikle etablerte bedrifter og til entreprenørskap.

Hordaland fylkeskommune brukte til saman 58 prosent av dei løyvde regionale utviklingsmidlane til å vidareutvikle etablerte bedrifter og til entreprenørskap.

Dette viser rapporten som Hordaland fylkeskommune har sendt Kommunal- og regionaldepartementet om bruken av midlane til regional utvikling. Hordaland fordelte 100,13 millionar kroner av dei regionale utviklingsmidlane i 2010. Den totale løyvinga til alle fylkeskommunane på om lag 2,1 milliardar kroner dette året.

Fylkeskommunane har ei sentral rolle som pådrivar og initiativtakar for å møte regionale utfordringar. Størsteparten av Kommunal- og regionaldepartementet sine midlar til distrikts- og regionalpolitikk går difor gjennom fylkeskommunane.

Fylkeskommunen rapporterer mellom anna om utfordringar med auka arbeidsløyse, men òg mangel på kvalifisert arbeidskraft. Andre utfordringar er ein open, global marknad, og urbanisering, som begge påverkar arbeidsmarknad og busetnad. Eit for lite miljøvennleg næringsliv er ei anna utfordring.

Hordaland fylkeskommune har arbeidd med å stimulere til auka verdiskaping til dømes gjennom oppdrett av nye artar. Innafor maritime næringar har fylkeskommunen også mellom anna arbeidd for å utvikle ei klynge innan maritim miljøteknologi i Sunnhordaland og Haugalandsregionen. Klynga fekk status som hovudprosjekt i Forskingsrådet, Innovasjon Norge og SIVA sitt Arena-program i juni 2011. Fylkeskommunen har særleg satsa på oppdrett av nye artar.

Fylkeskommunen si satsing på entreprenørskap har mellom anna vore å styrke førstelinetenesta retta mot etablerarar og småbedrifter. I eit samarbeidsprosjekt med Innovasjon Noreg og Fylkesmannen i Hordaland har fylkeskommunen oppretta nettportalen, Kom-an.no, som presenterer relevant informasjon for entreprenørar og utviklingsaktørar. Kompetanseutvikling tilpassa lokalt næringsliv har også vore viktig. Til dømes har Kvinnherad kommune arbeidd med å styrke samarbeidet mellom den vidaregåande skulen og næringslivet.

Tildeling av midlar til kommunale næringsfond og finansiering av omstillingsprosjekt har styrkt kommunane sitt utviklingsarbeid. Fylkeskommunen har sett i verk tettstadsprosjekt og satsing på kommunal infrastruktur saman med kommunane for å styrke busetting og næringsliv. Av infrastrukturtiltak trekker fylkeskommunen fram vegprosjekt som Bømlopakka og Jondalstunnelen.

 - Me ser at innsatsen er målretta for å bidra til både å redusere arbeidsløysa og til å skaffe kompetent arbeidskraft, seier kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete.

Fylkeskommunane fordeler midlane til regional utvikling i eigen regi, gjennom Innovasjon Norge, kommunar og regionråd.

Sjå elles:

  • Faktaark om dei regionale utviklingsmidlane (pdf)
  • Mål for programkategori 13.50 Distrikts- og regionalpolitikk (pdf)
  • Tabell over fylkeskommunane si prosentvise fordeling av midlane etter arbeidsmål (pdf)
  • Tabell over tildeling av regionale utviklingsmidlar til alle fylkeskommunane (pdf)
  • Hordaland fylkeskommue
  • Fylkeskommunane som regionale utviklingsaktørar 


    Kommunal- og regionaldepartementet sin pressetelefon: 22 24 25 00.