Statsbudsjettet 2012
2,68 milliardar kroner til distrikts- og regionalpolitikken
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II
Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet
Pressemelding | Dato: 06.10.2011
Regjeringa foreslår å løyve om lag 2,68 milliardar kroner til distrikts- og regionalpolitikken i 2012. Under den raudgrøne regjeringa er det løyvd om lag 18 milliardar kroner til distrikts- og regionalutvikling.
Regjeringa foreslår å løyve om lag 2,68 milliardar kroner til distrikts- og regionalpolitikken i 2012. Under den raudgrøne regjeringa er det løyvd om lag 18 milliardar kroner til distrikts- og regionalutvikling.
I lys av budsjettsituasjonen er løyvinga til dei særskilde distrikts- og regionalpolitiske verkemidla under Kommunal- og regionaldepartementet reduserte med om lag 92 millionar kroner frå 2011. Held vi kompensasjon for auka arbeidsgjevaravgift utanom, er løyvinga til distrikts- og regionalpolitikken 718 millionar kroner høgare i 2012 enn kva ho var i 2005. Dette er ein nominell vekst på 53,6 prosent.
- Dette syner at me held oppe innsatsen for å utvikle arbeidsplassar og attraktive lokalsamfunn i heile landet, seier kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete.
Gjennom distrikts- og regionalpolitikken ynskjer regjeringa å ta ressursane i heile landet i bruk, og bidra til verdiskaping, arbeidsplassar og velferd der folk bur.
Fylkeskommunane forvaltar rundt 2,2 milliardar kroner, eller vel 80 prosent, av dei særskilde midlane til distrikts- og regionalpolitikken. Då er kompenasjonsmidlane for auka arbeidsgjevaravgift tekne med.
Rapportane frå fylkeskommunane for 2010 viser at fylkeskommunane fordelte 56 prosent av midlane til næringsutvikling, 20,5 prosent til å skape god lokal og regional kompetanse og infrastruktur og 16,5 prosent målet om å utvikle attraktive lokalsamfunn.
- Fylkeskommunane gjer eit i viktig arbeid for å nå dei nasjonale måla for distrikts- og regionalpolitikken, seier Navarsete.
Tiltak i statsbudsjettet for 2012:
Næringsutvikling og entreprenørskap
- Kommunale og regionale næringsfond: Regjeringa gjer framlegg om at Kommunal- og regionaldepartementet vidarefører den store satsinga på kommunale og regionale næringsfond med ei løyving på 225 millionar kroner i 2012. Næringsfonda skal gjere kommunar og regionar betre rusta til å legge til rette for verdiskaping og sysselsetting.
- Næringshageprogrammet: SIVA har starta opp nytt næringshageprogram hausten 2011. Regjeringa gjer framlegg om at Kommunal- og regionaldepartementet gir 40 millionar kroner til programmet i 2012, ein auke frå 2011 og ei dobling frå 2010. Programmet skal bidra til å utvikle nye arbeidsplassar innan kunnskapsbaserte næringar i distrikta. Les eiga pressemelding om næringshageprogrammet.
- Satsing på entreprenørskap blant unge i distrikta: Regjeringa gjer framlegg om å auke tilskotet til Ungt Entreprenørskap over Kommunal- og regionaldepartementet sitt budsjett, med 2 millionar kroner til 13 millionar kroner. I tillegg gjer regjeringa framlegg om å auke den ekstraordinære satsinga på entreprenørskap blant unge i Nord-Noreg, som går gjennom Innovasjon Noreg, med 1 million kroner til 5 millionar kroner. Les eiga pressemelding om entreprenørskap blant unge i distrikta.
- Verdiskapingsprogram for lokale og regionale parkar: Regjeringa gjer framlegg om å løyve 10 millionar kroner til ei ny ordning for å auke næringsutvikling og verdiskaping i særskilde område med potensial for dette. Områda som kan få støtte må gi ei sams tilhøyre for dei som bur og har aktivitet i området. Verdiar skal utviklast gjennom å gjere bruk av natur- og kulturverdiar som ressurs på berekraftig vis. Les eiga pressemelding om verdiskapingsprogram for lokale og regionale parkar.
Attraktive lokalsamfunn og gode tenester
- Styrking av MERKUR-programmet og utviklings- og investeringsstøtta til utkantbutikkar: Det er sett av 47,2 millionar kroner til desse tiltaka i 2012. Dette er ein auke på heile 21,2 millionar kroner, som blant anna skal nyttast til å utvide ordninga ved å styrke drivstofftilgangen i distrikta. Noko av midlane skal òg nyttast til å utvikle nye konsept for korleis dagligvarebutikkar kan styrke si stilling som sentral tenesteleverandør, til dømes som sosial arena for innbyggjarane. Dermed ønskjer departementet å
o modernisere og styrke nærbutikkar, som viktige tenesteleverandørar i distrikta.
o styrke tilgangen til drivstoff i distrikta.
o ruste opp eksisterande anlegg i tilknyting til dagligvarebutikkar.
Les eiga pressemeldingom drivstofftilgangen i distrikta.
- Bulyst: Regjeringa gjer framlegg om å løyve 42 millionar kroner til tilskotsordninga Bulyst. Programmet skal støtte opp om lokale og regionale utviklingsprosjekt, som fremjer bulyst i heile landet, og skaffe ny kunnskap om kva som skapar bulyst. 10 millionar av midlane er reserverte til prosjekt som har fått støtte i 2011, for å sikre eit langsiktig perspektiv på arbeidet.
- Nytt tilskot for bustadetablering i Distrikts- Noreg: Regjeringa foreslår å løyve 20 millionar kroner til eit tilskot som skal stimulere til auka tilbod av ulike typar bustader i kommunar med små og usikre bustadmarknader og/eller mangel på bustader. Eit av måla er å gjere det lettare å rekruttera arbeidskraft. Målet er å bidra til å utvikle attraktive lokalsamfunn. Tilskottet er ei ordning for utvalde kommunar. Les eiga pressemelding om nytt tilskot for bustadetablering i Distrikts-Noreg.
- Lokal samfunnsutvikling i kommunane (LUK): Regjeringa gjer framlegg om å løyve 30 millionar kroner til tiltaket i 2012. Satsinga, som fylkeskommunane har ansvar for å sette ut i livet, skal utvikle kommunane sitt arbeid med å planlegge, mobilisere, samarbeide og gjennomføre utviklingstiltak, for på det viset å bidra til meir attraktive lokalsamfunn.
Fylkesvise artiklar - dei regionale utviklingmidla for 2012
- 17.4 millionar til regional utvikling i Akershus
- 33 millionar til regional utvikling i Aust-Agder
- 32,5 millionar til regional utvikling i Buskerud
- 131 millionar til regional utvikling i Finnmark (Sámegiella)
- 80 millionar til regional utvikling i Hedmark
- 74 millionar til regional utvikling i Hordaland
- 126 millionar til regional utvikling i Møre og Romsdal
- 256 millionar til regional utvilling i Nordland (Sámegiella)
- 107 millionar til regional utvikling i Nord-Trøndelag
- 74 millionar til regional utvikling i Oppland
- 11,5 millionar til regional utvikling i Oslo
- 32 millionar til regional utvikling i Rogaland
- 97 millionar til regional utvikling i Sogn og Fjordane
- 84 millionar til regional utvikling i Sør-Trøndelag
- 60 millionar til regional utvikling i Telemark
- 174 millionar til regional utvikling i Troms (Sámegiella)
- 35 millionar til regional utvikling i Vest-Agder
- 11,5 millionar til regional utvikling i Vestfold
- 21 millionar til regional utvikling i Østfold
Kommunal- og regionaldepartementet sin pressetelefon: 22 24 25 00.