256 millionar til regional utvikling i Nordland
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II
Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet
Statsbudsjettet 2012
Artikkel | Sist oppdatert: 16.10.2013
Regjeringa gjer framlegg om at tilskotet til Nordland fylkeskommune for regional utvikling blir på om lag 255,55 millionar kroner i 2012.
Regjeringa gjer framlegg om at tilskotet til Nordland fylkeskommune for regional utvikling blir på om lag 255,55 millionar kroner i 2012.
I statsbudsjettet for 2012 foreslår regjeringa å løyve rundt 2,7 milliardar kroner til ein ekstrainnsats i distrikts- og regionalpolitikken. Fylkeskommunane skal forvalte vel 80 prosent av desse midlane.
Gjennom distrikts- og regionalpolitikken ynskjer regjeringa å leggje til rette for busetjing og verdiskaping i heile landet.
- Den lokale og regionale utviklingskrafta er avgjerande for at me skal halde fram med den positive utviklinga i landet vårt. Då er det viktig med gode rammevilkår, næringsutvikling og å utvikle attraktive lokalsamfunn. Difor satsar me så mykje på fylkeskommunane, seier Liv Signe Navarsete.
Av løyvinga til Nordland er 29,49 millionar kroner sette av til kommunale eller regionale næringsfond. Midlane skal setje næringssvake kommunar eller regionar betre i stand til å støtte opp om lokal næringsutvikling.
8,76 millionar kroner av løyvinga til Nordland fylkeskommune skal dekkje den statlege deltakinga i det europeiske territorielle samarbeidet (Interreg).
Etter årsskiftet vil fylket òg få kompensasjon for auka arbeidsgivaravgift. I 2011 var kompensasjonsmidlane i Nordland 145,9 millionar kroner.
- Les korleis Nordland fylkeskommune nytta dei regionale utviklingsmidlane i 2010.
- Gå til Kommunal- og regionaldepartementet si samleside for statsbudsjettet 2012.
Kommunal- og regionaldepartementet sin pressetelefon: 22 24 25 00.